onsdag 20. september, kl 20:00

Jubileum på folkemusikkscena: Kvarts

I 2023 er det 25 år sidan Kvarts spela dei fyrste tonane saman, og Folkemusikkscena på Rauland feirar jubileet med konsert i Årestoga!

Onsdag 20. september kl. 20.00
Billettar i døra: 250,-/150,-

Kvarts er altså i dag ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg i norsk musikkliv. Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men hentar også inspirasjon frå andre musikksjangrar. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har blitt eit varemerke for kvartetten.

Gruppa har heilt sidan starten hatt eit ynskje om å utvikle nye konsert-og formidlingsprosjekt. Kvarts har gjeve ut og medverka på ei rekkje cd-produskjonar, i tillegg til å ha gjeve ut fleire singlar dei siste åra. Den så langt siste cd-produksjonen; Ved myrke midnattstid, kom ut i 2021, der Kvarts spelar saman med vokalensemblet Multa Paucis. Det kunstnariske arbeidet har resultert i mange musikalske samarbeidsprosjekt, mellom andre med Kringkastingsorkestret.

ØYSTEIN OVRUM RUDI (f.1969) kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Han har lært av ei rekkje spelemenn, særleg i Gudbrandsdalen, men og frå andre kantar av landet. Øystein driv i dag ei omfattande verksemd som spelemann solistisk, i Kvarts og med ei rekkje andre musikarar. Han har fire Spellemannsprisar i klassa folkemusikk, og Øystein har også vunne Landskappleiken/ NM i Folkemusikk tre gonger, i 1997, 1998 og i 2009. I 10 år var han musikalsk leiar for Sør-Fron spelemannslag. I tillegg til utøvande verksemd gjennom ei rekkje turnear både i inn- og utland, og han har i det seinare vore mykje nytta som lærar ved Ole Bull Akademiet på Voss, og han driv opplæring på prosjektbasis i høve til mange yngre utøvarar. Dei siste åra har han bygd opp Rudi Gard til å bli eit kulturelt kraftsenter i Sør-Fron og Midt-Gudbrandsdalen, og har m.a. motteke Oppland Fylke sin kulturpris, kulturprisen i Sør-Fron og Bygdeturismeprisen som honnør for arbeidet han har lagt ned. Han er frå 2019 også tilsett som direktør for Gudbrandsdalsmusea.

JO ASGEIR LIE (f.1972) bur i Ål i Hallingdal, men er opphaveleg frå Voss. Han spelar trekkspel i kvartetten, og har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole med klassisk akkordeon som hovudinstrument. Våren 1998 tok han hovudfagseksamen i folkemusikk med trekkspelaren og komponisten Oddvar Nygaard som hovudemne. Han har medverka på godt over 30 plateproduksjonar, turnert i inn- og utland, og har spela med mange ei lang rekkje norske og utanlandske musikarar innafor ulike sjangrar. Han skriv og arrangerer også musikk for fleire ensemble. Han er tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.
TOM WILLY RUSTAD (f.1966) kjem frå Oslo og har ein allsidig musikalsk bakgrunn, der far og bestefar har vore sentrale læremeistrar. Han var den fyrste som tok hovudfag i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Emnet for hovudoppgåva var folkemusikken på einradar. Han har også gjort eit stort forskingsprosjekt på einradartradisjonen i Hallingdal. Tom har også 4-årig utdanning i klassisk gitarspel frå Norges musikkhøgskole. Han har vore lærar ved folkemusikklinjene i Valle i Setesdal og på Fagernes, og foredragshaldar både ved Raulandsakademiet og Ole Bull akademiet. Han har vore på mange konsertturnear i inn- og utland, mellom anna saman med Kirsten Bråten Berg og Ånon Egeland. Han var i fleire år tilsett som fyrsteamanuensis på folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og arbeidde fram til 2021 ved folkemusikklinja på Vinstra Vidaregående Skole. Han er no tilsett som arkivar for folkemusikksamlinga i Midt-Gudbrandsdalen.

ERLEND STYVE (f.1971) kjem frå Voss. Han er ein allsidig musikar som arbeidar innan fleire sjangrar, og er i dag ein av dei mest sentrale aktørane i musikklivet på Voss. Mellom anna har han arbeidd mykje med roots, blues og ulike former for populærmusikk, noko som mellom anna har resultert i fleire cd-utgjevingar med gruppa Twang gang. Han spelar også i bandet til Heine Totland, og han har medverka på ei lang rekkje plateinnspelingar som studiomusikar, og har også vore gitarist i ulike folkemusikk- og gammaldansgrupper. Han til dagleg rektor i Ulvik kulturskule, og har i tillegg eit omfattande virke som frilans musikar. Han er også utdanna sylvsmed.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Datoonsdag 20. september
Tidspunktkl 20:00