søndag 24. november, kl 11:00

Jolemarknad på Telemarkstunet

Velkommen til Jolemarknad, søndag 24 november kl.11-16.
– Kafe i Gardsjordstoga med servering av risengrynsgraut, sveler, gløgg mm, samt sal av kling
– Eldhuset sel ferske steinomsbaka brød og boller.
– Låven med sal av handlaga kvallitetsprodukt.
– Loftet, Mona Haugen med strikkevarer og Bodil Akselvoll med ungarske handverksprodukt.
– Julia Hartmann med julekrybber og julepynt i tre.
– Knut Våmartveit med handlaga knivar og belte, handsmidde knivblad og diverse.
– Rauland Historielag med presentasjon av Årsskriftet i Årestoga kl. 14.00

Årsskrift Rauland Historielag 2018

 

Me håpar mange vil ta turen og besøke Telemarkstunet. Her finn de mykje fint til jul!
Me gledar oss, velkommen!

Datosøndag 24. november
Tidspunktkl 11:00 - 16:00