mandag 18. juli, kl 15:00

Beltestakk – sy din eigen, del 1

AVLYST

Del 1:
Start dato: 18.07.2022
Slutt dato: 24.07.2022

Del 2:
Start dato: 29.09.2022
Slutt dato: 02.10.2022

Kursnr.: 2240
Lærar: Inger Petersen
Påmeldingsfrist: 6. juni

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Dette kurset har to deler. Del 1 er seks dagar i veke 29. Del 2 er 3 dagar (oppstart torsdag kl. 15) i veke 39. Påmelding gjeld begge deler. Kursavgift dekker begge deler.

På dette kurset vil du koma godt i gang med å sy ein beltestakk. Ein vil konsentrere seg om å sy sjølve stakken, livet og forkle. Det blir ikkje tid til å sy skjorte, veve belte, forkleband og hårband. Ein må rekne med ein del heimearbeid mellom dei to kursbolkane.

Kurs del 1: 18.07.-24.07. frå måndag kl. 15 til sundag kl. 12. Kurs del 2: 29.09.-02.10. frå torsdag kl. 15 til sundag kl. 12. Påmeldingsfrist 6. juni.


Mål
: Målet er å koma godt i gang med å sy ein beltestakk. Lære om tradisjon, materialbruk, saumeteknikkar.  


Timetal
: 63


Innhald/dagsplan:

Del 1: 18.07.-24.07: Måndag kl. 1500-1800, tysdag-laurdag kl. 0800-1600, sundag kl. 0800-1200

Dei fyrste 6 dagane vil du arbeide med å sy saman stakkestoffet og rynke stakken. Stikking av hjul eller skonning og etter kvart førebu saum av livet. Livet må tilpassast den som skal ha stakken. Her blir det tid til å snakke om og vurdere kva slag pynteband ein treng i det vidare arbeidet. Her kan ein og bestemme kva slag materiale og pynteband ein treng til forkle.

Det blir lagt vekt på historie og tradisjon omkring beltestakken og snakka mykje om kva slag val ein har med omsyn til materiale og fargar.

Del 2: 29.09.- 02.10: Torsdag kl. 1500-1800, fredag og laurdag kl. 0800-1600, sundag kl. 0800-1200.

Desse tre dagane går ein vidare med pynting av liv og skoning. Tilpasse og sy saman stakk og liv slik at lengda på stakken blir høveleg. Etter kvart starta på forkle.


Studiemateriell:

Du må skaffe det meste av stoff og pynteband sjølv. Dersom du er i tvil om kva du skal kjøpe kan du ta kontakt med læraren. Til dei fyrste 6 dagane er det viktig at du har stakkestoff, materiele til skonning og livstoff klart. Pynteband kan du vente litt med. Det er utruleg mykje å velge i og du vil få råd og rettleiing under Del 1.

Ta med til begge samlingane:

Svart knappeholsilke, sterkt bomullstråd.

Svart vanleg sytråd i bomull eller silke, ikkje syntetisk! Ta med det du har av sytråd i bomull (restesneller). Det går med mykje sytråd.

Synåler, saks, måleband, knappenåler, symaskin, ekstra symaskinnåler

Husk å merke alt privat utstyr med namn!

 

Du treng til fyrste samling i juli:

3 høgder stakkestoff, ull i toskaft eller spelsau.

Stoff til skonning: 2 meter vadmel som du skråklipper sjølv. (Vadmel skal ha tykk og kraftig kvalitet). Eller du kan kjøpe ferdig skråklipt vadmel hos Almankås eller husfliden i Porsgrunn/Skien. Du kan velge mellom eit lag skråklipt vadmel pluss eit lag skråklipt strie eller dobbelt lag med skråklipt vadmel. (den siste varianten blir litt tyngre).

Silke eller fløyel til pynt på skonning. Ca 1,5 meter stoff som du skråklipper. Du kan og kjøpe ferdig skråklipt silke eller fløyel hos Almankås eller husfliden i Porsgrunn/Skien.

Stoff til liv. ½ meter brokade i silke eller bomull eller fløyel eller bomullskretong.

Fòr til liv: Kraftig bomullstoff i 2-skaft (gjerne med mønster) eller baskerlin.

 

Du treng til 2. samling i oktober:

Slitekant og tittekant på hjul/skonning, ca 6 meter av kvart.

Pynteband til liv. Fløyelsband eller silkeband, ca 3 meter.

Kanteband til liv: vanleg med ullstoff eller klede. Kan og vera fløyelsband eller silkeband. Ca 3 meter.

Alt dette vil du få mykje informasjon om på fyrste samlinga. Det er mykje å velge i og læraren vil hjelpe. Det meste får du kjøpt hos Almankås eller ein annen.

 

Forkle:

1 høgde forklestoff, bomullsateng eller ullsateng.

Fòr til forkle, ca 50 cm.

Pynteband til forkle, 2 meter av kvart band.


Du får kjøpt av Liv Berit:

  • Svart symaskinsilke


Kor får du kjøpt materiale?


Litteratur: 

Kari Anne Pedersen: Folkedrakt blir bunad, 2013. EAN: 9788202389406

Kari Anne Pedersen: Bunad og folkedrakt, Beltestakk før og nå, 1999. ISBN/EAN: 9788251204897

Aagot Noss: Draktskikk i Aust-Telemark, mangfald og endring. 2010. ISBN: 9788270995820

Annelise Jantzen og Finn rønning: Beltestakk. Gråkufte og korttrøye. Ein fotodokumentasjon frå Bø i Telemark 1860 – 1910. Bø Museum skrift 1 – 1990

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Arbeidsform
: Fellesundervisning og individuell rettleiing

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

 

Datomandag 18. juli
Tidspunktkl 15:00 - 12:00