Startdato: 17.07.2023
Sluttdato: 23.07.2023
Påmeldingsfrist: 5. juni
Kursnummer: 2335
Lærar: Ivar Øksendal
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
PåmeldingLag dine eigne kunstverk med akvarell! Å male akvarell ser kanskje lett ut? Men her er det mykje å lære….. Du blir kjent med ulike akvarellteknikkar. Vi målar akvarell både ute og inne, landskap, oppstilling m.m.
Ivar Øksendal er utdanna frå Statens Kunst-og Handverkskole og Statens Kunstakademi, har hatt mange separatutstillingar og er innkjøpt av fleire galleri.
Mål: Å gje ei innføring i akvarellteknikkane.
Ant. timar med lærar: 40
Spesielle krav: Kurset passer for alle, om du har erfaring eller ei.
Innhald/dagsplan:
Emne vi vil koma innom under kurset:
Utstyr og materiallære
Maleteknikkar og penselføring
Komposisjon og bildebygging
Tre former for perspektiv
«Den kreative prosess»
Praktiske øvelsar og ferdiggjøring
Landskap, stilleben og portrett mm.
Kursdagen tek til med innleiande foredrag og undervisning. Vi arbeider med akvarell med forskjellige motiv.
Studiematriell:
Deltakarane bør ha med seg:
Skrin med akvarellfarger
Akvarellpenslar
Akvarellpapir av «god kvalitet»
Glass med lokk til vann (eit reint syltetøyglass eller liknande)
Blyant og viskelær
Maskeringsteip
Tørkepapir
Saks
Tapetkniv/ skjærekniv
Plate til å arbeide på ute. Ei plate av huntonitt eller finèr f.eks. 40×50 cm.
Hårfønar dersom du har
Liten ryggsekk og ein campingstol for å arbeide ute dersom det er vær til det.
Det er mogeleg å få kjøpt akvarellpensler, akvarellpapir og akvarellfarger på kurset.
Vi gjer merksam på:• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Du får korrektur under arbeidet og ei oppsummering i plenum etter kvar av øvingane.
Dersom det er ver til det, kan vi arbeide ute, eller vi arbeider inne.
Lærar: Ivar Øksendal Tlf.: 40490508 Adresse: Sløyfeveien 4, 3120 Tønsberg
E-post: [email protected]: Web: www.ivaroksendal.com. her finn du for eksempel CV m.m.
e-post: [email protected] Tlf.:35 07 32 92 Web:https://raulandsakademiet.no/
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Påmelding