onsdag 4. mars, kl 20:00

Bodên, Ek & Roswall i Årestoga

Ahlberg, Ek & Roswall har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest spanande aktørane på den svenske folkemusikkarenaen. Dei er kjende for eit glimrande samspel, fantasifulle arrangement og eit stort og variert repertoar. Musikken deira har innslag av både pop og barokk, det er store klangvariasjonar, og ikkje minst – det svingar skikkeleg! Ulrika Bodén er ein allsidig songar, musikar og låtskrivar. Med si uttrykksfulle stemme vert ho rekna som ein leiande folkesongar i Sverige, og opptrer som solist både innan folkemusikk og i andre sjangrar. Når Ulrika Bodén og AER står saman på scena, kan du vente deg ein konsert med klokkeklar og sterk song, og mykje energi.

Heilt sidan den prisbelønte plata ”Te berga blå” blei utgitt i  2016 har dei spela mykje saman, både som trio og som kvartett.

Konsertstart kl 20.00.

Datoonsdag 4. mars
Tidspunktkl 20:00 - 23:00