torsdag 26. oktober, kl 15:00

Bunadsband frå Vest-Telemark

Start dato: 26.10.2023
Slutt dato: 29.10.2023
Kursnr.: 2283
Lærar: Eli Vesaas
Påmeldingsfrist: 14. september

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Du lærer veving av plukkeband i grind med og uten spalter. Typiske eksempel på plukkeband er band til Vest-Telemark bunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv. Me vil og sjå på anna redskap til å veva band med. Du må ha med bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter, ein trekniv til å plukke mønster med, eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet. Lærar har med vevmønster og garn, og kan låne ut noko vevutstyr. Kostnader ca kr 300,-.

Eli Vesaas er vevlærar, har produsert vevnader for sal og har hatt mange kurs.

Mål: Veve stutte prøver på plukkeband i grind med eller utan spalter.


Ant. timar med lærar
: 20


Spesielle krav
: Ingen

Innhald/dagsplan:

  • Historikk omkring bandveving
  • Syne og få innføring i ymse plukketeknikkar
  • Få innblikk i ymse reiskap til bandveving


Studiemateriell:

Du må ha med:

Skrivesaker, rutebok/rutepapir, måleband og saks.

Bandgrind, helst grind med 9 spalter.

Bandvevfeste

Bandvevbelte

 

Dette kan du låne av Eli:

Ein trekniv til å plukke mønster med. Er lett å lage sjølv, ellers kan du låne av Eli.

Eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet.

 

Dette får du kjøpt på kurset:

Bandvevfeste og belte kan du få kjøpt på Raulandsakademiet.

Pris: Bandvevfeste kr 150,- og bandvevbelte kr 250,-

Bandgrind med 9 spalter kr 500,- får du kjøpt på Raulandsakademiet.

Lærar har med vevmønster og garn: Kostnader ca kr 300,-

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Arbeidsform
: Fellesundervisning og individuell rettleiing

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid


Lærar
: Eli Vesaas

Tlf.: 909 23 107

Adresse: Vesaasvegen 181, 3890 Vinje

E-post: [email protected]

Sjå artikkel i Bunad om bandvevingskurset til Eli Vessas

Datotorsdag 26. oktober
Tidspunktkl 15:00 - 12:00