Jolemarknad

Nå er det straks jol!

Jolemarknaden på Telemarkstunet held ope laurdagar og sundagar frå 24. november t.o.m. 16. desember kl. 11-16.

Låven byr på fine handlaga gåver. Ein kan fylle på med kling baka i Stallen og steinomnsbakte brød og boller frå Eldhuset. Kafe i Gardsjordstoga m. graut, kling, baguettar, kaffe, kakao og brau frå LEGA.

Konsert – laurdagar kl. 14 i Årestoga
24.11 Lisa Haugeland og Herman Gautefald spiller musikk frå Agder og Telemark på feler og fløyte.
1.12 Johanna Seim er frå Berlin og studerer folkemusikk på USN Rauland. Ho har satt saman nokre av dei finaste sanger ho kan – nemlig gamle tyske jolesangar med eit budskap om lys og håp i mørke tider.
8.12 Øyunn Romtveit feirar Vinjeåret med songar av A.O.Vinje på kvedarvis. Inngang kr. 200,-
15.12 Robbie Bankes har funne vegen tilbake til Rauland. Han kjem med nye og gamle låter som får ein til å tenke om alt som er vakkert i livet.

Bokslepp – sundager i Årestoga
25.11 kl. 14 Rauland historielaget – Årsskrift 2018
2.12 kl. 13 Åsta Kostveit – Folkekunst, tidtrøyte eller magi. Figurar på gamle treskjelåvar

Utstillarar i Gardsjordstoga – oppdateres fortløpende
24.-25.11: Aslaug Jore (lappeteknikk), Kokkelua UB (jolekaker, lynlotteri og heimelaga karameller), Studentar på USN, Rauland: Lisa Haugeland, Will Riedlinger og Mari Strandskogen (tekstilprodukt – garn, småstrikk, nålebinding osb.)
1.-2.12: Julie Hartman (jolekrybber og jolepynt), Cecilie Doksrød (hekla og strikkede produkt til baby og barn), Kokkelua UB (jolekaker, lynlotteri og heimelaga karameller)
8.-9.12: Marie Ridderhus (Ridderhus smykker), Linn Sigrid Bratland (smykker), Aslaug Jore (lappeteknikk)
15.-16.12: