Fuglar på Hardangervidda – eit foredrag v/Kjell Bitustøyl

Publisert: 02.05.2024 17:05

Eit nytt lokallag i BirdLife Norge avd. Telemark, BirdLife Indre Telemark, blei formelt stifta den 15. februar. No skal laget arrangere eit ope møte på Raulandsakdemiet 14. mai kl. 19.00 med eit foredrag om Fuglelivet på Hardangervidda.

Kjell Bitustøyl er fotograf og skribent opphavleg frå Rauland og har i mange år vore oppteken av Hardangervidda og fuglelivet der. I 2024 er det 50 år sidan den statlege NOU-rapporten om oppretting av ein nasjonalpark på Hardangervidda kom, men fuglelivet på Vidda har i mange år diverre vore nedprioritert med tanke på forsking og merksemd. Det er difor i år god grunn til å lyfte fram fuglelivet i og rundt denne Noregs største nasjonalpark på fastlandet, Hardangervidda nasjonalpark. Hardangervidda er mangfaldig med flatvidda som ligg mellom ca. 1100 og 1250 moh med små tjønnar, store våtmarker, tørre og vide flyer og mange store innsjøar. Vidare finn me store vassdrag og elvar som stuper ned mot Hardanger i vest og i aust slakare dalar med mykje bjørkeskog, men også her er landskapet prega av vassrike elveløp. I sørvest finn me mektige fjellparti som Haukelifjell, og i nord tronar Hardangerjøkulen med sine 1861 moh.

I dette mangfaldige landskapet finn me eit rikt og variert fugleliv blant anna med sudgrense for ein god del fugleartar. Men også her er det merkbart at ein del fugleartar er i tilbakegang. Kartlegging og overvaking av fuglelivet vil vera eitt av fleire tema for det nystarta laget BirdLife Indre Telemark som i eit prosjektet vil samarbeide med tilsvarande lag i dei to andre fylka som utgjer Hardangervidda. Dette gjeld òg dei tre fylkeslaga i Telemark, Buskerud og Vestland (tidlegare Hordaland). Som eit resultat av dette arbeidet vil me leggje fram forslag om tiltak det er mogleg å setje i gang, stoppe oppdyrking av myr f.eks. Altså arbeide for fuglevern på line med anna naturvern. Arrangementet er eit samarbeid mellom BirdLife Indre Telemark og Naturvernforbundet i Vest-Telemark.

Velkomen til foredrag på Raulandsakademiet tysdag 14. mai kl. 19.00

Inng. for medlemmar kr 150,- / ikke-medlemmar 200,-

Kaker og kaffi er inkludert i prisen

Velkomen!