Heiskort
Rauland Historielag 40 år!
Laurdag 2. januar feira vi 40 år på Raulandsakademiet, saman med heile 90 gjester som hadde lyst til å vera med å feire oss.
Det vart ei fin feiring med tapasmeny frå Raulandsakademiet, kling og marsipankake (sponsa av Spar Rauland) og sjølvsagt røur.

Kvelden hadde eit tettpakka program, med allsong av Raulandssongen, mimring frå åra som har gått, foredrag av Birger Kjelingtveit og Åsta Kostveit, musikkinnslag av Lars Erik Øygarden og kåseri med songinnslag av Øystein Haugan. Helsingar og blomar fekk vi også, frå ordførar Kleven, Rjukan historielag og Tokke historielag.
På jubileumsfeiringa blei det også utnemnt fire æresmedlemmar: Birger Kjelingtveit, Tone Liv Kjelingtveit, Solveig Loftsgarden og Åsta Kostveit. Alle fire har vore svært aktive i mange år som leiar, nestleiar, kasserar og elles aktive medlemmar. Dei sette stor pris på merksemda og vi set stor pris på innsatsen dei har lagt ned for laget!

Takk til alle som tok turen for ei fin feiring!


