tirsdag 16. september, kl 19:00
Raulandsakademiet

Temakveld: Skinnarlandfamilien og krigsåri

Beklager, jeg kan ikke hjelpe med det.

16. september inviterer Rauland historielag inviterer til ein spennande temakveld om lokal motstandskamp under andre verdskrig.

Palmelaurdag 16. mars 1940 opna Ingeleiv og Olav Skinnarland Møsvann sportstue, no gamle Skinnarbu, for dei fyrste påskegjestene. Det var travelt med faste gjester og ein god del daggjester. 10. april kom det folk frå Rjukan som ville evakuerer til Møsvatn, men då dei kom nære hotellet måtte dei finne trygge stader i hytter i området. Tyskarar hadde innteke hotellet. Det var ca 140 mann.

Familiane Skinnarland var sentrale i motstandsarbeidet i Rjukan og Møsstrond under krigen, og det var tett kontakt mellom Rjukan, Skinnarbu og folket på Møsstrond.  Olav, hotelleigar og kjøpmann, fødd i 1906, var den eldste av Skinnarlandbrørne, Torstein, damvoktaren, var fødd i 1910 og Einar, kanskje den best kjente,  som var på viddi det meste av tidi, var fødd i 1918.

Olav og Torstein var båe på Grini, Torstein lengst, i 29 månader. Det var eigentleg Einar som var ettersøkt, men han kom seg unna. Meir enn ti i Skinnarlandfamiliene var på Grini og Ingeleiv har skrive ei sterk og innhaldsrik historie med mykje detaljar om «Hva som hendte vår famile i krigsårene 1940-1945».

På temakvelden i Rauland historielag 16. september blir det ei samtale mellom Inger-Berit Skinnarland Bakke, dotter til Ingeleiv og Olav Skinnarland, og Anstein Skinnarland, soneson til Torstein Skinnarland. Samtala blir leia av Herdis Lien.

Som del av samtala er det høve til l spørsmål og kommentarar. Etter programmet blir det som vanlig kaffi, kake og røur.

Billettprisar:

150 kroner (medlemmar av Rauland Historielag)
200 kroner (andre)

Har du lyst til å bli med i historielaget, kan du lese meir om det her. 

Datotirsdag 16. september
Tidspunktkl 19:00 - 21:00
StedRaulandsakademiet
AdresseAkademiet 2, 3864 Rauland