Om Myllargutvegen

Myllargutvegen tek av frå E134 ved Nutheim i Flatdal og fylgjer fylkesveg 3422 fram til Straume bru, Øyfjell, der ein kjem inn på fylkesveg 3410 fram til ein møter fv 37 i Austbø og fylgjer den til Krossen på Rauland. Derifrå gjeng Myllargutvegen etter fv. 362 gjennom Rauland, langs Totak til Arabygdi og Edland der du kjem inn på E134 i Haukeligrend. 

Myllargutvegen byrjar ved Nutheim Gjestgiveri, ein gamal turiststad, som har vore i drift sidan 1870. Bygdene Flatdal og Åmotsdal hev gjennom dei seinste to mannsaldrane vore eit «kulturbeite» for målarar og grafikarar. Kjende kunstnarar som Erik Werenskiold, Henrik Sørensen, Kai Fjell og Harald Kihle henta inspirasjon i dette miljøet. Nutheim gjestgiveri med den gamle Hjartdal prestegard, er vide kjend som eit kunstnarsenter. Biletkunstnarane Erlend og Terje Grøstad og bilethoggarane Trygve Barstad og Ellen Grøstad held til her.

Fyrst køyrer ein forbi Dalsgrendi. På venstre side av elva ser ein et andlet i fjellveggen, kalla «Dalsbonden» 

Du fylgjer fylkesveg 3422, og etter 4 km kjem me til vegskil til Langlim. Eit alternativ til Myllargutvegen er vegen gjennom Langlim og langs Gjevarvatn til Øyfjell. (bomveg)

 Før ein kjem til Langlim køyrer ein forbi Mandal kapell. Olav Bringa (Ole Bringen) reiste til Amerika i 1863, 16 år gamal. På sine eldre dagar sendte han eit brev med 8000 dollar til presten i Seljord og ynskte at det skulle byggast ei kyrkje i Mandal. Det blei ei lafta langkyrkje som vart innvigd i 1954. Altartavla er måla av Terje Grøstad, og dei fire evangelistane på preikestolen er måla av Kai Fjell, Harald Kihle, Willi Midelfart og Henrik Sørensen. 

Bilvegen til Langlim kom fyrst i 1956. Namnet Langlim kjem truleg av at under svartedauden overlevde bare ei kvinne, med namnet Liv. Denne kvinna skal ha vore svært lang og segni seier at namnet på bygda kjem av dette. I Langlim var det skule fram til 1960. Skulen står framleis slik den var, men det er bygd på eit grendehus som er til utlån for alle som måtte ynskje det. Av årlege arrangement der er det eit skirenn kvar einaste skjærtorsdag og eit loppemarknad på hausten.

Herifrå kan du au gange den gamle kyrkjevegen over Vasen til Åmotsdal 

Vidare på fylkesveg 3422 kjem du til Kleivi på venstre side. Her har Jarand Åsmundson Rønjom bygt loftet i 1784. Det må seiast å vera eit høgdepunkt i norsk trearkitektur og er freda.

Her er au rydda fram att ei tro (havn) på høgre side som dyredriftene kvilde i på veg til staules i gamle dagar

Du køyrer no inn i Dyrlandsdalen,  ein vill og vakker dal, med gamle gardar og husmannsplassar på båe sidene. Dyrlandsdalen skule vart nedlagt i 1954. Grendelaget overtok huset på slutten av 1990-talet. Seljord Husflidslag leiger i dag skulehuset til aktivitetar som vevkurs o.a. Utstilling av måleri 2 helger kvar sommar i juli v/ Inger Helene Bekkeli. Då er det åpen kafe. Hvis nokon ynskjer å ha utstilling eller utsalg ,så står 2dre høgda til leige.

I Dyrlandsdalen stend det ein gapahuk

Rett ved vegen og åi. Plassen heiter Katthyl. Gapahuken er sett opp av grunneigar, då det vart visa stor interesse for gullgraving. Rykte spredte seg, til og  med geologar frå Japan har vore her.Tak kontakt med grunneigar Jan Barstad tlf. 90 15 22 88 om du vil prøve lykka som gullgravar.I gapahuken er det og mogleg for alle å fyre opp i bålgruva og koke seg kaffi eller fiske i  hylen. Skriv gjerne ei helsing i gjesteboka…for rett på andre sida av vegen, har forfedrane våre gjort det sama- her finn du helleristningar skrivne i stein.

Vegen går vidare, gjennom Valedjuvet til Åmotsdal , ei bygd med mykje interessant arkitektur og natur. 

Når du kjem over brua  kan du gå den gamle Skarsvegen til høgre over til Svartdal, ein tur på ca 7 km som tek om lag 4 timar 

Her startar au Heiåivegen som gjeng om Fossheim til Småtjønn (bomveg) 

Badeplass: Om du svingar opp til Rønjomsgrend så kjem du til Vihustjønni. Der har Åmotsdal IL laga ein flott badeplass med brygge og flåte ute i vatnet. Her er det grillplass, sitebenkar og skiftebu m/toalett.

Åmotsdal kyrkje er bygd av Jarand Rønjom i 1792. Han har au bygt Rauland og Vinje kyrkjer.Jarand var fødd på garden Rue, i den vesle timra som i dag stend på Kyrkjemoen,i 1750. Han gifta seg i 1779 m. Gunhild Jonsdtr. Trae, Flytta til Kultan rundt 1785. BILDE

Nordaust for kyrkja ligg kyrkjestoga. Her budde Magnus Brostrup Landstad når han hadde messe i Åmotsdal. Det var her han skreiv Annexreisen. Seinare er huset bruka til lærarbustad, legekontor og konfirmant-undervisning m.m.. I dag blir huset bruka som opphaldsrom for kyrkjetenerane ved arbeid i bygda

Like nord for kyrkja ligg Steinmoen bu og servicesenter .

 Midt i bygda ligg SNARKJØP, driven av Åmotsdalsbui a/s. Dette er ein daglegvarebutikk der mange lokale produsentar og kan selja varene sine. Butikken er ope måndag til torsdag frå kl 9-18,fredag 9-20 og laurdag 9-16.

Åmotsdal gatekjøkken finn ein i same bygget som Snarkjøp. Det er ope fredag ,laurdag og sundag kvar helg frå kl 15-20, vinterferie, påskeferie og i skuleferien om sommaren 

På høgre side ligg grendehuset som er bygt på dugnad av bygdefolket og stod ferdig i 1991. Her har au vore skule og barnehage. Skulen blei lagt ned i 2012 og barnehagen i 2020. Begge to er flytt til Flatdal

Her ligg au pinsevennenes bedehus- Betel

På Bergemoen lagar Trekrona a/s det meste til hus og hytter i god gamal tradisjon og moderne kjøkken i heiltre.

Berge skileik er eit anlegg driven av ÅIL,som innbyr til leik og moro på ski med heis og varmebu m/ toalett.

Bakken åpnar så fort det blir sno nok og er open kvar helg fram til påske. Sjekk åpningstider på facebook

Så kjem ein til steinbrotet av Karl Valhovd på høgre side og rundt svingen er det jordberproduksjon på venstre side av åi på Baugestaul 

Vegskil ved Åmot, fyrste avkøyrsla til høgre når du kjem opp bakkane (kalla lina) kan du taka av til Øverbøgrenda.

Nystaul er ein geitestaule opp i Øverbøliane, der dei sidan 2003 har teke opp att staulesdrift med å laga kvit geitost og geiteprim etter gamal tradisjon i Åmotsdal. Dei yster / kokar 3-4 gonger i veka, frå midten av juni til midt i august. Staulen er open for besøk, med matservering etter avtale. Sjekk gjerne facebook:Nystaul el. Instagram:nystaul.aamotsdal

Vegen vidare fører innover heii til gamle gardar som KvammenSudbø og Skuldalen.

På Kvammen er spilemannen Jon Kvammen (Kjos) født i 1756. Han gifte seg i 1792 med Tone Knutsdtr. Skuldalen.

Like forbi avkøyrsla til Skuldalen er eit kikkeskåp der du kan høyre segni om og slåtten Skuldalsbruri

Myllargutvegen gjeng gjennom Skoregrendi, der  gamle tun ligg i  bratte bakkar. 

Her ligg Eva Bull Holtes Museum og husmannsplassen Sneie.  Målerinna Eva Bull Holte o g ektemannen Johan B. Holte kaupte husmannsplassen Sneie frå Nigard Groven i Åmotsdal midt på 50- talet og bruka det som ferieplass. Her samla dei etterkvart fleire gamle lafta hus i tillegg til dei som stod der frå før.

Eva hadde atelier og gode arbeidsforhold på Sneie og var svært knytt til staden. Etter Eva’s bortgang bestemte Johan seg for å bygge eit museum for kunsten til Eva. Museet vart plassert på Sneie og innvigd i 1999. 

Kunstsamlinga på Sneie viser keramiske arbeid, teikningar,grafikk og måleri. Eva er mest kjent for sine landskapsmåleri med ein stram og fast komposisjon og ein begrensa fargepalett. Ho fann motiva sine både ute i Europa, i Danmark, Storbritannia og heime i Norge. I dei siste åra var det Telemark og særleg fjellheimen i Åmotsdal som gjekk att i bilda hennar.

Kvart år blir det invitera ein gjesteutstillar som har utstilling i museet. 

Den gamle husmannsstoga  på Sneie stend slik den stod då Eva og Johan budde der, og er open for folk som vil sjå i sommarsesongen.

I Handverkstunet på Sneie kan ein kaupe Åmotsdalsgraut, kling og kaffi og anna kortreist mat.

Her er au handverk til salgs.

Den gamle bygdevegen gjeng rett forbi Sneie med steingardar på kvar side.

Oppi bakkane ligg Kultan. Her budde Jarand Å. Rønjom i 25 år og bygde stoge og loft. Stogo er no restaurera.

Jarand var au smed, sylvsmed, laga våpen, stogoklokker, og var treskjerar og rosemålar. I 1810 flytte han til sudigard Rønjom. Her har han bygt eit lite bur. Døde i 1822.

Her har ÅIL ei ljosløype  på 2,4 km med parkering ved Kortestaulbrua

Og på Haugan held Kjetil’s tur til med stor og liten buss for turkøyring tlf. 90146410

Ved Lonstaul delar vegen seg, du kan køyre rett fram, eller du vil køyre  Fjellvegen som tek av til høgre over Kvambekkheii til Longvik i Rauland (bomveg)

Før du startar på bakkane ligg Kvambekk til høgre.

Hit kom Myllarguten Torgeir Augondson for å gjæte for Åne Kvambekk då han var 9 år gamal. Då var han alt i full gang med å spila, men fekk ikkje låne fela til Åne.Han var det me kallar ein raklespilemann,men va god te å danse. Så då Torgeir fekk høyre om Jon Kjos var han dit for å lære slåttar. Han gjætte på Kjos au seinare og avsjedshelsinga til Åne var: «Du har’kje rette bogadraget»  

Vegen til Kjos gjeng vidare frå Kvambekk.Jon Kvammen flytte hit i 1803 og tok då navnet Kjos. Han tok Torgeir i lære då han skjøna kva som budde i den guten. Slåttar etter Jon er bl.a. Kvamsvogga, Jon vestafe, Kjosjasen, Sollidkrokan og me høyrer Kvamshallingen spila av Hauk Buen. Myllarguten sa seinare at slåttane til Jon Kjos skulle vore lagde i gullskrin!

På Kjos i dag er «Kaffikroken på Kjos», med salg av svele, feitigraut, brus og kaffi, ein fin 3 km lang gangetur med parkering på Kvambekk. Om vinteren er det oppkøyrt skiløype. For åpningstider sjå internett.

Den eldre gangvegen over Kvambekkheia kryssar du på høgste punktet. Til venstre langs denne vegen ser du fleire steinvarp. Ferdafolket kunne tryggje seg med å kaste på ein stein. Før det ber ned mot bygdi, står det skilt til  Dansarsteinen (merkt gangveg 1,5 km). Det er ein stor flat stein, der seterfolket møttest og dansa. Her skal Myllarguten ha spela då han gjætte på Kjos. Flott utsyn.

Køyrer du rett fram kjem du til Drivarbekkdalen og her ligg Øyfjell kjøkken. Dei lagar møblar og kjøkken der ein kombinerer det moderne, praktiske med god telemarkstradisjon.  [email protected]

 På sudsia av Vikvatn er det registrera buplassar frå steinalderen.

Like før Straumekrysset ligg Øyfjell sag og høvleri, som lagar det berømte Øyfjellgolvet, listverk og kledning.  

Her ligg au Langhuset med tilbod innan byggevarer,stein og torvtak.  www.teletorv.no

Ved Straume bru kjem du inn på f.veg 3410. Like over brua til venstre finn du Straumebui driven av Thorhild Rorge. Bygget er sett opp i 1920 som landhandel og dei sjølve budde i andre høgda. Denne butikken vart driven fram til ca 1950/55, det var og ei kort tid telefonsentral der. Utsalget vart åpna att i 2014, med garn ,mat og gåveartiklar. Det har i løpet av desse åra blitt kjent og det er no mykje folk innom. Folk likar huset, historia og at mykje av fortida er som før.

Frå påske og ut året er Straumebui open fredagar 11.00 – 17.00     laurdagar  11.00 – 16.00 så stenger dei frå januar til påske att.

Vidare den vegen ca. 6 km ligg Øyfjell sentrum. Her er det landhandel, lafteverkstad, skjotebane, skule med barnehage og grendehus. Her ligg Øyfjell Bygdemuseum, Vinje´s einaste bygdemuseum. Veg over til kommunesentret Åmot i Ytre Vinje over Hyllandsheia( Fiskestigen)

 Frå Straume bru fylgjer me no f.veg 3410 til høgre mot Rauland. På Øyfjellvegen 1565, ligg bedrifta Gooslake Detailing. Her driv Anders Ø. Gaastjønn med premium bilpleie. Fjerning av riper, polering, beskyttelse i form av voks eller coating, rens av interiør, farging av skinn m.m.

Tlf.41443110 el facebook: Gooselake Detailing

Brureberget. Om lag 1/2 km. før Lognvikvatn og like innmed vegen på venstre hand, er ein bratt fjellvegg med ei grop liksom ei dør. Til særmerkte haugar og berg er det ofte knytt gamle folkeminne og segner. Og her i Brureberget blei ei heil brureferd innkvervd av tussane, heitest det. Då brureferdi kom forbi på veg til kyrkja, stod porten på vidan vegg. Det lyste så fint inne i berget. Ein liten gråkledd ein kom ut med ein ølbolle. Han baud drikke, med han hopa seg inn i ljosken og brurefolket fylgde viljelaust etter. Porten gleid att og sidan hev ingen sett dei.

 Ved Austbø kjem du inn på riksveg 37. Særmerkt for Austbø grendi er alle rosemåla ivistoger frå fyrste helvti av 1800-talet: på Mo-gardane, Nystog, Svalastog og Skeie. Målarane som hev arbeidd her, er mellom dei fremste i landet frå den «klassiske» perioden av norsk rosemåling, 1750 -1850. 

Austbø Hotel Camp Vierli ?? hev ei interessant blanding av gamal folkekunst og moderne biletkunst av høg kvalitet. Krossen er sentrum i Rauland. Her finn du m.a. varesenter, treindustri, bank, post i butikk, helsehus, kafeteria, galleri, sømjehall, idrettsbane og hoppbakke. Raulandsutstillinga vert skipa til kvar sumar.????

Djuvland fjellgard ligg 1,2 km. frå Krossen.

I Rauland sentrum kjem du inn på r.v. 362 mot  Arabygdi / Haukeligrend, og litt framme er vegskil med bygdeveg om Nesland, her ligg Rauland Kunstmuseum her finn du arbeide av bilethoggarane Dyre Vaa, Knut Skinnarland, Tor Vaa og grafikaren Svallaug Svalastoga som er landskjende kunstnarar knytte til Rauland.

Her ligg også Raulandsakademiet A/S og Høgskulen i Telemark, Institutt for folkekultur.Attføringssenteret,  Ridesenteret, Vidare frå Neslandskrysset ligg Haddlandsgrend framfor deg.Gardsjordstoga, Sporanes ved Bituosen er det einaste kjende helleristningsfeltet i Øvre Telemark.

Raulandsgrend. Her ligg garden Rauland (Nigard) som hev gjeve namn til grendi, soknet og tidlegare heradet. Raulandsfjell hotel, og her er overnattingstilbod av ymse slag og slalåmbakke. Vegskil til Kråmviki, Møsstrond, ca. 12 km. 

. I denne grendi har bilethoggaren Dyre og forfattaren Aslaug Vaa slektsrøter. Vågrendi er kjend frå segnfiguren Dyre Vaa (1600-talet), som er grunnlaget for Welhavens dikt «Den gjæveste bonde i Vinje gjeld var Dyre Vaa at nevne» 

Sandviki er ei varm kro, der det mellom anna veks alm. Almebork var viktig mattilskot i naudsår. Denne almeskogen er verna. Det er stor snørasfare omkring her. Våningshuset på garden er sikra med ein stor plogforma steinmur. 

 I Arabygdi ligg Kose, Myllarheimen. Myllarguten, Torgeir Augundson, var fødd i Sauherad i 1801. Han spela i bryllup alt som åtteåring. I 1831 møtte han Ole Bull, eit møte som kom til å ha mykje å sei for dei båe og for norsk musikk og folkemusikk. Han blei henta til  Bergen i 1850, for å spela på opninga av Det Norske Theater. I 1852 kaupte han Sudistog Øygarden , men han var ingen bonde og måtte snart ifrå garden. Myllarguten flutte då bort til husmannsplassen Kose, her levde han dei seinste åri av livet sitt, og døydde i 1872 i stor fatigdom.

Kose er no museum. Eigar og drivar er Vinje kommune. Museet er ope i sumarhalvåret. Monument over Myllarguten av Dyre Vaa.

 Urdbøuri. I øvre enden av Totak ligg denne fleire hundre meter breie uri, som etter folkefantasien skal vera Tor med hamaren som har laga. I det han slo hamaren i Nipanuten miste han hamaren og den blei borte i ura. Så måtte Tor ned og leite, han kasta den ene steinen etter den andre, snart hit og snart dit, og slik dreiv han på til han fann att hammeren sin. Men då var det også blitt ein veg gjennom ura. Den dag i dag vert denne kaller for Torsvegen. At den ikkje vart særlig god, kan en vel tenke seg, slik hastverksarbeid som det var, men vegen er blitt nytta av bygdefolket i alle år inntil bilvegen kom. Her har hestane gått med tunge klyvjar, og her har husdyra fare både haust og vår. Torsvegen er merkt og lett å gå, ca. 1 km.

 Neste vegskil fører til Songavatnet. Frå Songavegen gjeng det sideveg (bom) til Gjøsløys, ein fin, gamal attlagd gard. Vidare gjeng det god gangveg langs Bora, forbi gamle støylar, som fortel om støylsdrift i eldre tid.

Songavegen fører vidare inn til Songadammen  og TrolldalsdammenSongadammen er 1050 m lang og 37 m høg. Det var det største damanlegget i Nord Europa då det stod ferdig fyrst på 60- talet.

Etter reguleringa er Songavatnet, med høgste regulera vasstand 975 m.o.h.

Myllargutvegen gjeng vidare forbi Venemodammen. Ved Brufloti står kvernhuset der Myllarguten hadde sitt møte med Fossegrimen. Edland/ Haukeli er skule- handels og næringssenteret for Øvre Vinje, med eit viktig trafikkknutepunkt ved Tallaksbru. Her er, post I butikk , ymse overnattingstilbod og matserveringsstader. Fleire forretningar, Haukelitunet varesenter, og i Tallaksbrukrysset har Haukeli Husflidslag sin Husflidsbue

 Ved Edland skule ligg samfunnshus med Storeguthallen.  I festsalen er det fast utstilling av ialt 17 arbeid med motiv frå Draumkvede, som presten og biletkunstnaren Sigmund Lystrup hev gjeve kommunen. På Edland ligg garden Haugen der Myllarguten budde ei tid. Han vart gift med Ingeber Rikardsdotter Haugen og budde på ein stad som heitte Rispehaugen. Det er ingen ting att av denne huseplassen, men ein veit kor husa stod.

 Myllargutvegen endar ved vegskilet med E134 ved Haukelitunet i Haukeligrend.

 Me takkar for turen og ynskjer deg god tur vidare  og velkomen attende.