onsdag 21. august, kl 20:00
Vinjesalen

Sigrid Moldestad trio

Sigrid Moldestad med band opnar haustsesongen til Folkemusikkscena på Rauland. Velkomen til ein seinsumarkveld i Vinjesalen.
Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho og bandet er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredener. Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar. Musikken hennar kjennes grenselaus og har teke til seg impulsar frå ulike genrer. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjup a seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.
Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus », «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.
Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: “No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”. Bergens Tidende tok fram bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser” skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”. Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire. Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre
Plateslipp før konserten. Meir info: Plateslipp: Trioliadam
Billettar i døra (inkl. plateslipp).
250,- (ordinær)
150,- (student)
Kro etter konserten.
Folkemusikkscena på Rauland arrangerar konsertar med stønad frå Vinje kommune og Kulturdirektoratet.
Datoonsdag 21. august
Tidspunktkl 20:00 - 24:00
StedVinjesalen