Folkemusikkscena på Rauland feirar studiestart med Revolver!
Hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe spelt med folkemusikkens intensitet og med rockens lydstyrke.
Duoen Anders Røine og Daniel Sandén-Warg spelte først under namnet Revolver på jazzklubben i Bø hausten 2014.
Den siste plata deira, Bibopalula, kom i 2018. – Truleg noko av det mest originale sidan den finsk-svenske gruppa Hedningarna kom på banen, skreiv avisa Klassekampen. Plata fekk seinare Folkelarmprisen i open klasse. Anders Røine og Daniel Sandén-Warg heldt likevel berre to konsertar etter utgjevinga, på Riksscenen i mars 2023 og på Telemarkfestivalen i 2024. I 2024 fekk dei med seg Kåre Opheim og 2025 baud på fleire konsertar. No går det rykte om arbeid med ny plate. Medan me ventar på ho får vi glede oss til konsert under studiestart ved USN Rauland.
Les og lytt meir her:
https://www.talik.no/bibopalula.6167740-274290.html
https://open.spotify.com/album/4V6DwnP0LvAiZlcXyYazcJ?si=3vmcImDzTfSGlXdYP5DjQA
https://www.talik.no/bibopalula.6167740-274290.html
https://open.spotify.com/album/4V6DwnP0LvAiZlcXyYazcJ?si=3vmcImDzTfSGlXdYP5DjQA
Billettar i døra. 300,- (ordinær), 150,- (student)
Kro og dans etter konserten.