Heiskort
Konsert i Årestoga: Hedin og Meidell

Vel møtt til Folkemusikkscena sitt første konsert i 2026. Vi har ventet lenge å kunne presentere duoen Ida Meidell Blylod og Johan Hedin og musikken deira.
Idas barokkfiolin og Johans ulike nyckelharper skapar rike klangverder når denne duoen rører seg gjennom dei skiftande formene i slåttetradisjonen og barokkens sirlege uttrykk. Musikken tek utgangspunkt i 1700-talet, men strekkjer seg heilt inn i vår eiga tid. Han blir forma av Idas mange spelemåtar og impulsar frå både nær og fjern, og av Johans unike måte å akkompagnere på og tøye grensene for kva nyckelharpa kan. Ei musikalsk oppleving der gammal musikk får nytt liv i tette arrangement og eit djupt samspel.
Johan Hedin og Ida Meidell Blylod møttest første gong då dei begge var engasjerte til Stockholm Early Music Festivals EBU-direktesende konsert Aurora Bachealis under REMAs European Day of Early Music i 2015. Som duo hadde dei ein jubla premiere på Korrö Folkmusikkfestival i 2019.
Ida Meidell Blylod er folkemusikar og barokkfiolinist med ein sterk lidenskap for fiolinens rike allsidigheit og spekter av uttrykk. I det kjenslevare spelet hennar kjem ei ekte evne til å skape nærvær til syne og til å gjere kvar framføring unik. Ida har i mange år turnert på europeiske folkemusikk- og barokkscener, og blir ofte engasjert som pedagog på internasjonale kurs i slåttespel.
Johan Hedin er ein verdsturnerande nyckelharpespelar frå Småland, som har blitt eit førebilete for mange gjennom måten han handterer instrumentet sitt på. Den musikalske nysgjerrigheiten hans er ei stø, leiande stjerne som fører han inn i nye og spennande samarbeid. Gjennom Johans vidareutvikling av nyckelharpa som instrument får ho nye moglegheiter, og musikken får nye rom å vekse og blomstre i.

Foto: Fredrik Gille
Lytt her: https://www.hedinmeidell.com/music
Inngang: 300,- / 150,- studentar
Førehåndssal av bilettar her https://checkout.ebillett.no/279/events/367/purchase eller kjøp i døra
Konsert i Årestoga ved Raulandsakademiet
Kro og dans i Gardsjordstoga etter konserten
Se mindre
