onsdag 6. mai, kl 20:00

Konsert: Himmelleite

To mennesker ved elven, der en mann spiller på et piano. Vakker natur og gamle bygninger i bakgrunnen.

Når Himmelleite gjestar Årestoga, inviterer duoen publikum inn i eit klanglandskap der tid og rom opnar seg – frå lågmælt strengklang til mektig orgelbrotsverk, frå setervoll og fjellferd til kyrkjerom og konsertsal.

Himmelleite består av Ingrid Lingaas Fossum (langeleik, song og kraviklyre) og Vemund Olav Aukrust (trøorgel og kyrkjeorgel). Sidan oppstarten i 2022 har dei utvikla eit heilt særmerkt uttrykk i møtet mellom eitt av Noregs eldste instrument – langeleiken – og orgeltradisjonen. Musikken hentar inspirasjon frå folkemusikkarkiv og notesamlingar frå Valdres og Gudbrandsdalen, men blir forma på nytt i duoens eigen musikalske drakt.

Hausten 2025 gav Himmelleite ut debutalbumet Efterklang fra fjeldreisen, som vart nominert til Folkelarmprisen i kategorien samspel/gruppe. Plata har fått merksemd for sitt poetiske uttrykk og for det lyttande samspelet mellom instrument som sjeldan møtest. Her høyrer vi hallingar og springleikar, salmar og viser, lyarlåttar og valdresspringar – med veksling mellom intime stille parti og store, romlege klangar.

Begge utøvarane markerer seg sterkt i norsk folkemusikkliv. Ingrid Lingaas Fossum vart i 2025 kåra til Årets folkemusikar, og er kjend for sitt banebrytande arbeid med langeleiken – både som tradisjonsberar og nyskapande utøvar. Vemund Olav Aukrust er klassisk utdanna organist og ein ettertrakta musikar i spenningsfeltet mellom folkemusikk og kunstmusikk, med ei særleg kjensle for klang, rom og improvisasjon.

Namnet Himmelleite viser til horisonten – synsranda innover i fjellet. Nettopp der, i møtet mellom det nære og det vidstrekte, finn duoen sitt musikalske uttrykk. Konserten i Årestoga blir ei stemningsfull reise gjennom lyd, landskap og historie – ei oppleving for både hjarte og øyra.

Velkomen til konsert med Himmelleite!

Konserten er i Årestoga ved Raulandsakademiet
Inngang 300,- / 150,- studentar
Kro og dans i Gardsjordstoga etter konserten

Billettar i døra eller her: eBillett: Himmelleite

Datoonsdag 6. mai
Tidspunktkl 20:00 - 23:55