onsdag 18. september, kl 20:00
Årestoga
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Ottar Kåsa og Helene Waage

To musikere spiller cello og fiolin på en scene under blå belysning.
Hardingfele og hardingcello solo og i samspel
Ottar Kåsa og Helene Waage innvia Ottars nybygde hardingcello under Telemarkfestivalen i 2023, til stor begeistring frå publikum. På Rauland spelar dei for første gong ein heil konsert saman, både soloslåttar og i samspel. Ottar har solid forankring i norsk tradisjonsmusikk, medan Helene hentar folkemusikk frå fleire delar av verda, særleg Noreg og Aust-Europa. I denne konserten vil dei utforske det magiske samspelet mellom hardingfela og hardingcelloen i fleire nye arrangement som spenner frå vare visetonar til drivande slåttar.
Ottar Kåsa (hardingfele) har hatt konsertar i inn- og utland, vunne Landskappleiken fire gonger, og gitt ut to prisvinnande soloplater. Han spelar òg i folkemusikkgruppa Resjemheia, som har gitt ut tre kritikarroste album. Ottar har master i folkemusikk frå USN og bur i Bø. Ottar er òg felemakar og har bygd ei mengd ettertrakta hardingfeler, og har utvikla og bygd ein hardingbratsj og ein hardingcello.
Helene Waage (hardingcello) har i mange år arbeidd som allsidig frilansmusikar, mellom anna med norsk folkemusikk i trioen Glima, austeuropeisk musikk med Gjertruds Sigøynerorkester, tverrkunstneriske prosjekt, og som terapeutisk musikar i eldreomsorga. Helene har musikkutdanning frå NMH og UiO, og har nyleg tatt doktorgrad ved UiA. For tida arbeider ho 50 % som universitetslektor ved Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg.
Billettar i døra.
250,- ordinær
150,- student
Kro i Gardsjordstoga etter konserten.
Folkemusikkscena på Rauland arrangerar konsertar med stønad frå Vinje kommune og Kulturdirektoratet.
Datoonsdag 18. september
Tidspunktkl 20:00 - 24:00
StedÅrestoga