Heiskort
Alvina og Gard – Platt planet

Ei vakker og undrande framsyning for born
Folkemusikkscena på Rauland inviterar til framsyning og leike-workshop med Alvina og Gard.
Platt Planet ein poetisk og musikalsk fabel om lengting og grådigskap, og om kva som skjer når horisonten forsvinn. Vi møter ei verd der regnbogen framleis glitrar om morgonen, men der noko sakte begynner å skurre. Med nykomponert folkemusikk, dans og scenisk nærvær fortel duoen ei sterk historie som med enkle middel reiser store spørsmål.
Den svensk-norske feleduoen Alvina & Gard set forteljinga i musikken i høgsetet og utforskar nye fargar i eit leikent samspel – tett på kvarandre og tett på publikum. Med stort nærvære og eit særeige uttrykk skapar dei opplevingar som både rører og utfordrar.
Framsyninga er laga for born, men snakkar til alle – med varme, undring og alvor.
Alvina Herbinger Rygne – fele, forteljing
Gard Nergaard – fele, forteljing
Foto: Fredrik Gille
Både framsyning og leike-workshop er i Festsalen på Raulandshuset.
Inngang til framsyning og leike-workshop:
Vaksne 200,-
Barn (inntil 16år) 100,-
Billettar på eBillett eller i døra

