onsdag 5. november, kl 20:00

Malmin m. Åshild Vetrhus i Årestoga

Når tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin oppstå.
Duoen, som har spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Rogaland, har laga plate i trespann med folkesongar og suldøl Åshild Vetrhus. Det har blitt til eit minimalistisk, medrivande album av løynde lokale skattar frå gamle kjelder og arkivopptak.
Malmin sitt prosjekt er å formidle det djupt menneskelege i denne musikken og opne han opp for den moderne lyttaren. Og vegen dei har tatt går via hjartet.
Fele, langeleik, song og spesialbygd elgitar og mandolin blir fargelagt av vreng og forsterkarar. I møtet med moderne teknologi blir slåttane endå mektigare, og opnare – både for kjennarar av folkemusikk så vel som som for tilhengjarar av dronete, suggererande musikk i meir elektriske sjangrar utanfor hovudstraumen.
Utan kjende konsertfelespelarar i regionen, blei slåttemusikken i Rogaland aldri modernisert og bygd ut for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv. Derfor er det kanskje ikkje overraskande at rogalandsmusikken skulle bli møtepunktet for Anders Hana, som har bakgrunn frå eksperimentell støyrock, og Olav Christer Rossebø, som i årevis har bygd bruer i terrenget mellom norsk alternativ pop og folkemusikk frå USA, Hellas og Norge.
På denne konserten med Malmin og Vetrhus får ein høyre musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i våre dagar.
Billettar i døra 300,- / 150,- studentar
Kro og dans etter konserten
Datoonsdag 5. november
Tidspunktkl 20:00 - 23:55