Institutt for folkekultur har spesialisert seg på utdanning i folkemusikk og tradisjonsbasert design og handverk innan tre, metall og tekstil (folkekunst). Alle studia våre har ein utøvande profil.
Folkekunsten, både handverksteknikkar, materialbruk og estetikken, er kjelder for studentane i eigne arbeid. Vi legg vekt på at studentane arbeider mykje på dei ulike verkstadane.



Individuell undervisning
Studentane på folkemusikk får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive utøvarar. Ein kan få undervisning i song, fele, hardingfele, munnharpe, toradar, fløyte, strengeinstrument mm.
Gjennom timane i samspel får studentane erfaring i å spele saman med andre og i å produsere repertoar som t.d. kan brukast i konsert- og turnésamanheng.



Campus
Instituttet held til i moderne lokalar med godt utstyrte verkstadar for tre-, metall- og tekstilarbeid, spesialrom for musikk, lydstudio mm. Det er kantine på skolen og kort avstand til studentheim, butikkar, kafear og idrettsanlegg /symjebasseng.
Besøk Raulandsakademiet
Les mer om studentmiljø
Til studieoversikt


