søndag 21. juli, kl 14:00

Sommarkonsert med Lars Erik Øygarden på Telemarkstunet

Lars Erik Øygarden er fødd og oppvakse på Rauland og har spela hardingfele sidan barndomen. Lars Erik har spela på kappleikar aktivt dei siste 10-15 åra og rykka i 2015 opp til A-klassa i hardingfele på landskappleiken. Mykje bruka som dansespelemann og kurslærar, men har også spela ein del konsertar.
Lars Erik er oppteken av å spela slåttemateriale og slåtteformer som ikkje er så mykje i bruk, og har særleg fordjupa seg i tradisjon etter Høye Kvåle frå Seljord. Forteljing kring slåttane er ein naturleg del av framføringa, så det vert historier og soger, både sanne og usanne, på konserten.

Gratis inngang!

Sommarkonsertane er arrangert i samarbeid med Folkeakademiet på Rauland og med stønad frå Tinn Sparebank, Vinje Kommune, Folkemusikkscena på Rauland og Folkeakademiet på Rauland.

Informasjon om andre konsertar på Telemarkstunet finn du her:
https://visitrauland.com/…/sommarkonsertar-pa-telemark…/

Telemarkstunet er ope frå 29.6 til 11.8 kl. 11-16 kvar dag.

Foto Lotte de Vries 2015

Datosøndag 21. juli
Tidspunktkl 14:00 - 14:30