torsdag 1. juli, kl 19:00

Fuglekikking og foto

Start dato: 28.06.2021
Slutt dato: 1.7.2021
Kursnr.: 2102
Lærar: Kjell Bitustøyl
Påmeldingsfrist: 17. mai
Avlyst

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Bli med Kjell Bitustøyl og sjå på fuglar! Kjell er frå Rauland, er svært godt kjend i området og veit kor ein skal gå. Ta med fotoapparat! Kjell er ein god naturfortograf og kan koma med mange gode tips og råd. Dette er eit kurs for deg som likar å bli betre kjend med fuglar og det ein ser og kan oppleve i naturen og for deg som er glad i og i god form til å gå på tur. Det blir tur til nye stader kvar dag. På dette kurset vil du få med deg ein del lokalhistorie. Kjell har mykje kunnskap om fuglar og kor du finn dei. Han er òg kjend for å ta flotte bilete av reinsdyr både sommar og vinter m.m. Hausten 2015 kom jubileumsboka “Rauland Kraftforsyningslag 75 år”, der Kjell er forfattar og fotograf/biletredaktør. Dette er hans fjerde bok. Kjell er òg ein erfaren journalist, og han var redaktør i Spelemannsbladet i 10  år.

Kurs frå måndag kl 19 til torsdag kl 15.

Kursplan:

Mål: Å lære om fuglar, kor ein finn dei og ta bilete av dei

Ant. timar  22

Spesielle krav: Dette er eit kurs for deg som likar å gå på tur . Vi oppsøker nye stader kvar dag. Det blir ein god del gåing i terrenget så ta med turutstyr.

Innhald/dagsplan:

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Studiematriell:

Fotoapparat med ekstra batteri og ekstra minnekort.

PC og lader.

Skrivesaker, blokk og papir.

Turutstyr, gode sko, turklede og sekk.

Husk og merk alle private saker og ting med namn.  

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervisning og individuell rettleiing

Lærar:         Kjell Bitustøyl

Tlf.:             46443031

Adresse:     Folkestadvegen 333, 3804 Bø i Telemark

E-post:        [email protected]

Kjell Bitustøyl er på Facebook. Klikk deg inn og sjå alle flotte fotografi !

Datotorsdag 1. juli
Tidspunktkl 19:00 - 15:00