Heiskort
Utvandraringshistorie
I 2025 var det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til det amerikanske kontinentet. I 1825 segla Restauration frå Stavanger til New York med 25 norske emigrantar. I åra etter fylgde mange nordmenn, også frå raulandsområdet.
I jubileumsåret hadde Rauland Historielag eit fokus på denne delen av den lokale historia. Saman med Slekt og Data Vinje hadde vi gjennom jubileumsåret temakveldar og andre arrangement omkring temaet. Vi byrja arbeidet med temakveld om utvandring med Dag Rogremoen i november 2024, og byrjar 2025 med slektsgranskingskveld 7. januar.
Kanskje har du slektningar som reiste og du kan lære meir om? Under finn du kjelder og anna informasjon om emnet.
Informsjon og kjelder
Emigrantregisteret Utforsk utvandrarhistorie frå Rauland og Lårdal i databasen Enmigrantregistreret. Prosjektet er utvikla i samarbeid med Slekt og Data Telemark, med støtte og faglege bidrag frå relevante lokale aktørar.Søk på namn eller fødselsdato.
Vestivi, vesttelar Vest Telemark sin podcast om utvandring frå Vest Telemark (opnast i Spotify). Få også ei oversikt på Kven? Kva? Kvar i Vest Telemark blad.
Vest Telemark blad har hatt fleire saker om utvandringshistorie i jubileumsåret: