Utvandrarjubileet 2025
I 2025 er det 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til det amerikanske kontinentet. I 1825 segla Restauration frå Stavanger til New York med 25 norske emigrantar. I åra etter fylgde mange nordmenn, også frå raulandsområdet.
I jubileumsåret vil Rauland Historielag ha eit fokus på denne delen av den lokale historia. Saman med Slekt og Data Vinje vil vi gjennom jubileumsåret ha temakveldar og andre arrangement omkring temaet. Vi byrja arbeidet med temakveld om utvandring med Dag Rogremoen i november 2024, og byrjar 2025 med slektsgranskingskveld 7. januar.
Kanskje har du slektningar som reiste og du kan lære meir om? På denne sida vil det kome meir informasjon om kva som skjer og korleis vi arbeider med det.