Beklager, jeg kan ikke gjenkjenne personer i bilder. Kan du gi meg mer kontekst eller en beskrivelse av hva bildet inneholder?

Spennande temakvelder hausten 2025

Publisert: 17.03.2026 23:03

I oktober og november 2025 inviterte Rauland historielag til to spennande, men ulike temakveldar.

21. oktober var det filmvising av Vi reiser eit samfunnshus, om bygginga av Rauland samfunnshus, også kjent som Raulanshuset, på 1950-talet. I tillegg viste Birger Kjellingtveit bilete, og fortalde om vegen fram til samfunnshuset sto oppe i 1954. Mange møtte opp for å sjå film, og sjå eldre slekt og vener og høyre om historia til forsamlingshuset mange har eit nært forhold til.

Illustrasjon av Randsvern leirsted med trebygninger og grøntområde, sett fra nord.
Forslag på det nye Rauland Samfuunshus. Artiktekt Espen Poulsson

18. november var det eit meir internasjonalt tema, når Vetle Hylland Olsnes fortalde om den spennande historia om grandonkelen sin, Sveinung Aanondson Olsnes (1866-1955) som var ein av mange som emigrerte til Amerika på 1800-talet. Sveinung var 20 då han reiste, og hadde eit innhaldrikt liv som farmar, forretningsmann og politikar. Du kan også lese meir om Sveinung i Vinje Historlelag si årskrift frå 2025.

2025 markerte 200-års jubileet sidan utvandringa frå Noreg til Amerika starta, og Lokalhistorisk Arkiv hadde i samband med temakvelden laga ei utstilling om utvandringa og historia til fleire av dei lokale som utvandra til USA, mellom anna fleire brev.

Eldre mann held foredrag
Vetle Olsnes på temakvelden 18.november 2025