Rinde
Midt i byggefeltet Krontveit på Rauland ligg tuftene etter husmannsplassen Rinde. Saman med Lokalhistorisk arkiv - Vinje, Rauland skule, Krontveit Vel og kulturkontoret i Vinje arbeider Rauland historielag med eit prosjekt som skal gje både lokalbefolking og turistar auka kunnskap om historia.
Husmannsplassen Rinde låg under garden Krontveit. I tillegg til tufter etter den nyare husmannsplassen er det arkeologiske funn frå jernalderen i området. Det er funne både gravminne og gardsanlegg, med spor etter tufter, rydningsrøyser, gjerde og åkerreiner, datert til om lag 320 – 440 e.kr.
Målet med prosjektet er å lage tilrettelagte turvegar med informasjon om området, og ein leikeplass eller opphaldstad. Målgruppa er både lokalbefolking og turistar. 8. klasse på Rauland skule er viktige aktørar i prosjektarbeidet og eit viktig mål er at elevane skal bli kjent med lokalhistoria si gjennom lokale krefter og kjelder. Gjennom kjennskap til digitale kjelder håpar historielaget at dei både skal få interesse for historia si, og forstå kvifor det er viktig å kjenne til ho.
Prosjektet er støtta av Landslaget for lokalhistorie.