22. oktober var ei gruppe medlemar frå Rauland Historielag og Frøydis frå Lokahistorisk arkiv på Forsvarsmuseet i Vinje.
Signe Gardsteig frå museet sitt venelag viste rundt og fortalde levande om slaga som sto i kommunen, stoda i kommunen, dei ulike effektar etter både tyske og norske soldatar, kvardagslivet og lokalhistoria vår under andre verdskrig. Under omvisinga kom menneska som levde og kjempa i denne perioden levande fram, slik at vi, snart 80 år seinare og kan identifisere oss med.
Historielaget vil takke Signe Gardsteig for ei framifrå omvising, og kan trygt anbefale ein tur til andre som enno ikkje har gjort seg kjent med dette vesle, men utruleg innhaldsrike museet.
For dei som er interessert i meir informasjon, har Forsvarsmuseet i Vinje si eiga facebookside, og du kan finne informasjon på Soldatregisteret, Norsk digitalt fangerkiv (fanger.no)
og Krigskart