tirsdag 17. februar, kl 19:00
Raulandsakademiet

Temakveld: «Utmarksriket» med arkeolog Kjetil Loftsgarden

Bokomslag for Utmarksriket, Telemark 400-1400, med illustrasjon av to figurer ved et tre.

17. februar inviterer vi til temakveld med arkeolog Kjetil Loftsgarden som vil presentere den nye boka si, Utmarksriksriket, Telemark i perioden 400 til 1400. Her vil du få innblikk i samfunnet i jernalderen og mellomalderen, med særleg fokus på Vinje og Rauland.

Korleis såg livet ut i Telemark i desse tusen åra? Korleis var dei sosiale og politiske forholda?

Svaret får vi mellom anna gjennom gjenstandar frå graver og gravfunn. I perioden vart både skogane og fjella utnytta til det fulle, og det er ikkje utan grunn at området vert omtala som «utmarksriket». Vi veit om den store jernproduksjonen i øvre Telemark, og vi veit at det vart laga kammar av gevir og at det var handel med pelsverk, bryne og skinn. Gjennom arkeologiske undersøkingar og funn ser me kva dei valde å leggje i grava til forfedrene sine, kva hus dei bygde og budde i, korleis dei smidde jern til dyrebare våpen og arbeidsreiskapar.

Det var ei verd der blodige hestekampar var underhaldning, der ære, kamp og drukkenskap gjekk hand i hand med handel på marknadsplassar og der idear og varer strøymde inn og ut av fjellbygdene.

Teikning av vikinghus
Mogen-huset slik det kan ha sett ut da det var busett for 1500 år sidan. (Illustrasjon: Ånond Versto)

Kjetil er eit kjent fjes for mange. Han vaks opp på Nesland og vart tidleg interessera i funn frå eldre tider. I mykje av den akademiske karriera si har han jobba med matieriale frå heimtraktene: «Det er fint å arbeide med arkeologiske spor og funn frå øvre Telemark, og vera litt på heimebane» seier Kjetil som ofte er heime i Rauland.

mann med natur i bakgrunnen
Arkeolog og forfattar Kjetil Loftsgarden, her under utgraving av kokegrop frå folkevandringstid ved Fjarefit, Songa.

I 2017 fullførte Kjetil ein doktorgrad ved Universitet i Bergen med tittelen Marknadsplassar omkring Hardangervidda – ein arkeologisk og historisk analyse av innlandets økonomi og nettverk i vikingtid og mellomalder. No arbeider Kjetil som fyrsteamanuensis ved Kulturhistorisk museum ved Universitet i Oslo og leier mellom anna forskingsprosjektet «Eidsborg rock – produksjon og handel med brynestein i vikingtida. Han har skrive over 25 forskingsartklar om jernalder og mellomalder, mange basert på den lokale forskinga si. Boka Utmarksriket vart gjeve ut i 2025.

Etter føredraget blir det kaffi, kake og røur og du har også høve til å få kjøpt boka Utmarksriket.

Vel møtt!

Datotirsdag 17. februar
Tidspunktkl 19:00 - 21:00
StedRaulandsakademiet
AdresseAkademiet 2, 3864 Rauland