Heiskort
Temakveld med Tore Godal – «Noregs dyraste mann»

Torsdag 26. inviterer vi til ein litt annleis temakveld på Raulandsakademiet
Astrid Versto er ordstyrar for ei samtale mellom lækjaren Tore Godal og forfattaren Aashild Sørheim. Sørheim gav i 2025 ut boka Noregs dyraste mann – historia om lækjaren Tore Godal.
Ikkje alle kjenner til lækjaren Tore Godal. Han blei fødd på prestegarden i Rauland, og hadde dei sju fyrste leveåra der saman med dei tre syskena Ingvald, Jon og Ellen. Desse barneåra sette spor – han var alltid raulending- og kjenner seg som det framleis. Tore er no 86 år gamal.

Tore Godal drøymde om å bli distriktslækjar i Rauland då han søkte seg inn på medisinstudiet, men i staden blei internasjonalt folkehelsearbeid livsvegen.
Samanlikna med søskna sine, er ikkje så mange her heime som veit kven Tore Godal er. Han har i fleire tiår vore sentral i det globale arbeidet mot epidemiar og nokon av verda sine mest farlege sjukdommar; spedalsksjuke/lepra, malaria, ebola, tuberkulose, aids og covid.
For å nå fram med å skaffe økonomisk og politisk støtte til folkehelsearbeidet i fattige land, har han sett seg mest tent med å arbeide i kulissene. Han har fått med seg nasjonale og verdsleiande politikarar, Verdas helseorganisasjon og Verdsbanken.
Bill Gates Foundation gav han 750 millionar dollar då han ynskte å etablere Gavi, den internasjonale vaksinealliansen. Sidan 2000 har Gavi medverka til å vaksinere meir enn 1,1 milliardar born. Godal er drivkrafta bak CEPI, som har hovudkontor i Oslo. CEPI overvakar moglege utbrot av globale pandemiar, og har som mål å kunne produsere ei vaksine i løpet av 100 dagar ved eit utbrot. CEPI var heilt avgjerande i utviklinga av ei vaksine under Covid19 -pandemien.

Det internasjonalt velkjende medisinske tidskriftet «The Lancet» skreiv om Godal: «….han er en av de mest innflytelsesrike legene gjennom tidene innen global helse.» Og Jens Stoltenberg har uttala: «Tore er den dyreste nordmannen i historien. Med et mulig unntak for Fridtjof Nansen, er han den nordmannen som har bidratt til å berge flest liv.»
Arrangementet er eit samarbeid mellom forlaget Historie & kultur, Raulandsakademiet og Rauland historielag. Song blir det også – av nevøen Aasmund Nordstoga.
På temakvelden har du høve til å få kjøpt boka Noregs dyraste mann – historia om lækjaren Tore Godal . Etter programmet blir det kaffi, kake og tid til røur.
Pris
- 150 kroner for alle
