Heiskort
Temakveld: Frå sti og slep til fylkesveg i Rauland

Frå uminnelege tider har det vandra folk i området vårt. Desse har lagt att spor i lendet som me finn i dag. Dei fylgde etter kvarandre der det var lettast å gå. Såleis blei det eit trakk (sti) som var lett å fylgje.
Etter som folketalet auka og samkvemmet større, blei desse trakka tydelegare i lendet. No blei det slep som var endå lettare å fylgje. Ævur av desse finn me i dag m.a. på Hardangervidda. Mellom bygdene i Rauland og Vinje gjekk stien over til kjerreveg, for til slutt å bli til fylkesveg. Dette siste var ein stri som i hovudsak føregjekk på 18- og 1900-talet. Viljen til veg var nok oftast god, men midlane dessverre små. Det blei ein stri som tok tid. Men omsider blei det veg der hjulreiskap som bil kunne fara.
Desse vandingane, og utviklingane er tema for Rauland Historielag sin temakveld i mars. Birger Kjelingtveit fortel og syner bilete og små videosnuttar om emnet.
Etterpå blir det kaffi, kaker og røur.
Pris
- Medlemmer av Rauland historielag: 150 kroner
- Ikkje medlemmer av Rauland Historielag: 200 kroner