tirsdag 21. oktober, kl 19:00
Raulandsakademiet

Frå ungdomshus til Rauland samfunnshus

Gammelt ungdomshus i fjellandskap, med trær og fjord i bakgrunnen i Retland, Norge. Svart-hvitt bilde.

Rauland historielag inviterer til visning av filmen Vi reiser eit samfunnshus, om bygginga av Rauland samfunnshus, også kjent som Raulanshuset, på 1950-talet.

Rauland ungdomslag blei danna i 1898, og det fyrste ungdomshuset, trulig også det fyrste forsamlingshuset i bygda, kom rundt 1910/15 og var på Haddland. Dette vart flytt og delevis ombygd og opna i Neslandskrysset i 1934. Dette var i bruk fram til ca. 1950. Under andre verdskrig tok tyskarane i bruk ungdomshuset i Neslandskrysset. Dei for stygt fram og brukte huset hardt. Av den grunn, truleg, kom det alt i 1946 planar om å byggje nytt ungdomshus. I dag veit me at huset frå 1930-talet enda opp i Rauland samfunnshus.

Personer på snødekt tak i norsk vinterlandskap, omgitt av fjell og trær.
Gamle Vidsyn ungdomshus på Haddland. Dette blei flytt til Neslandskrysset og delevis ombygd.

I åra etter andre verdskrig kom det både lov om framhaldskule, og også eit nasjonalt ynskje og fokus på gode lokale arenaer for kulturliv, også utanfor dei store folkerørslene (Folkets hus, losjar og bedehus). På 1950-talet byrja utbygginga av lokale samfunnshus, med stønad frå Statens ungdoms. og idrettskontor.

Tankane og ynskje om eit større lokalt forsamlingshus/ samfunnshus utvikla seg på Rauland på 1940-talet. Det var mykje diskusjon om samfunnshus og skule skulle liggje i same bygg. Endå verre blei det då ein også ville ha med kapell i bygget. Men samfunnshus blei det med alle tre delane i bygget: 9. januar 1954 var det duka for opningsfest.

Illustrasjon av Randsvern leirsted med trebygninger og grøntområde, sett fra nord.
Forslag på det nye Rauland Samfuunshus. Artiktekt Espen Poulsson

Filmen Vi reiser eit samfunnshus viser bygginga av samfunnshuset, og i filmen ser vi att fleire eldre raulandingar som i dag for lengst er borte. På filmvisinga får du sett arbeidet med samfunnshuset, og du kan også få sjå eldre slekt og andre bekjente.

Praktisk informasjon

Etter filmvisinga blir det som vanlig kaffi, kake og røur.

Pris: 150 for medlemmar av historielaget, 200 for ikkje. medlemar. Vil du bli medlem? Les meir her.

Datotirsdag 21. oktober
Tidspunktkl 19:00 - 21:00
StedRaulandsakademiet
AdresseAkademiet 2, 3864 Rauland