lørdag 6. desember, kl 13:00

Bokpresentasjon: Gamle hus i Rauland og Gamle fangstminne på Hardangervidda

To gamle, tradisjonelle norske trehus med torvtak på Ner-Mo gård. Tegning i svart-hvitt.

Laurdag 6. desember inviterer Rauland historielag til bokpresentasjon av ikkje berre ei, men to aktuelle bøker.

Gamle hus i Rauland

Saman med Åsta  Ø. Kostveit og Birger Kjelingtveit presenterer Frøydis Fossli årets utgjeving i historelaget Gamle hus i Rauland av Torbjørn Egner. Gamle hus i Rauland er basert på kva Egner såg og høyrde medan han ferierte på Rauland somrane 1940 og 1944. I 2025 kom boka ut i nytt opplag som er lik orginalutgåva som blei gjeven ut av Torbjørn Egner, fyrste gong i 1945. Nyutgjevinga i år er i nært samarbeid med Egnerfamilien. 

To gamle, tradisjonelle norske trehus med torvtak på Ner-Mo gård. Tegning i svart-hvitt.
Frå Gamle hus i Rauland

Gamle fangstminne på Hardangervidda

Har du farta litt i fjellet har du trulig kome over mange fangstminne frå tidlegare tider – som murar, dyregraver, bogastille og hellerar. Norsk Villreinsenter Sør gjev no ut ei bok med dette materialet. Johan Vaa er redaktør for boka, og Sigurd Holte, Kjetil Lofstgarden, Håvard Hoftun, Runar Hole og Tore Slinning er medforfattarar.

Kart over Hardangervidda nasjonalpark med fjelltopper og ruter, inkludert Rjukan og Rauland.
Kulturminne knytt til fangst på Hardangervidda. Faksimile frå Kulturminnesøk

Mange av desse fangstminna er registrert i databasen Askeladden og tilgjenglig for alle gjennom Kulturminnesøk

Boka er rikt illustrert med bilete og kart, og fleire av får du sjå som del av bokpresentasjonen.

Julemarknad på Telemarktunet

Same dag er det også julemarknad på Telemarstunet. Sal av graut og nysteikte bakevarer, sl av handverk og spennande utstillingar. I kantina får du kjøpt kaffi og kling.

Bokpresentasjonen er gratis.

Datolørdag 6. desember
Tidspunktkl 13:00 - 15:00