tirsdag 10. november, kl 19:00
Raulandsakademiet

Temakveld: Rauland Dansarring

Tre personer smiler og står sammen utendørs, iført casual klær i svart-hvitt bilde fra tidligere år.

Tysdag 10. november invitere Rauland Historielag, Folkemusikkscena på Rauland, Falkeriset Folkemusikklag og USN Rauland tiil eit to-dagars program med fokus på folkedans (og musikk) i Rauland. Vi ynskjer spesielt velkomen til tidlegare medlemmar i Rauland Dansarring og håpar på gode innspel!

Rauland Dansarring blei formelt stifta for 50 år sidan, i april 1976 av mellom andre Marit Vaagen (seinare Lilleland) og Johan Vaa. Dei fyrste åra hadde laget stor aktivitet og mange medlemmar. Kjerneaktiviteten var sjølvsagt dansen, men også song og spel stod sentralt i laget.

Denne kvelden møter d Marit og Johan i samtale med Frøydis Fossli om dei aller fyrste åra til laget. Arne Øygarden, som var laget sin faste spelemann dei fyrste åra, deltek også i samtala. Kanskje får vi også lurt dei tre til å demonstrere noko av det dei var så gode på?

Etter samtala viser Stian Roland (USN) filmopptak frå Vest- Telemark og peikar på ulike lokale og personlege særtrekk som vi sjeldan ser på dansegolvet i dag.

Onsdag 11. november vert det dansekurs, konsert og dansefest. Meir info finn du her.

Servering av kaffi og kake.

Pris tysdag:

  • 150,- kr for medlemmer av Rauland Historielag og Falkeriset Folkemusikklag
  • 200,. kr for andre

Datotirsdag 10. november
Tidspunktkl 19:00 - 21:00
StedRaulandsakademiet
AdresseAkademiet 2, 3864 Rauland