Skipass
Draumkvedet med Åsta Kostveit

Onsdag 28. oktober inviterer Rauland historielag til Draumkvedekveld med Åsta Ø.Kostveit i Draumkvedesalen på Tingvoll/Gamle kommunehuset i Rauland. Åsta vil fortelje om Sveinung Svalastoga og Draumkvesalen. Ho vil fortelje om Sveinung Svalastoga som målar og gå gjennom alle dekorasjonanen på veggane i Draumkvesalen som var kommunestyresal i tidlegare Rauland kommune før samanslåinga med Vinje i 1964.
Draumkvedet er ei av dei best kjente og unike mellomalderballadene i Noreg. Det er eit visjonsdikt som fortel om OlavÅsteson sine reiser i dødsriket der han både ser himmel og helvete. Dei fleste versjonane av balladen er frå Telemark. Best kjent er Moltke Moe sin rekonstruksjon der han skaper ein heilskap basert på ulike innsamlingar.
Stad: Tingvoll,Gamle kommunehuset i Rauland.
Les meir om Draumkvedet mellom anna i denne artikkelen frå NRK.