Heiskort
Temakveld: Ville og vakre Telemark. Tidsbilete frå 1800-tallet då dei fyrste turistane kom

Bo Lilledal Andersen tek oss 200 år tilbake, til ei tidsreise frå fyrst på 1800-talet før den organiserte turismen starta. På den tida då tipp-tipp oldeforeldra våre levde her. Forteljingane blir illustrerte med gamle bilete, teikningar og fotografi frå 1800-talet.
På denne tida var Telemark, «telenes mark» eit kvitt og ukjent område på kartet. Sikkert spennande for eventyrarar og oppdagarar. Den tidllegare NRK-journalisten har henta mykje interessant stoff frå reiseskildringar og reisedagbøkene.
Turismen si vogge
Heilt sidan tidleg på 1800-talet har fjellområda i Øvre Telemark vore skildra som turismen si vogge i Noreg. Dei fyrste som kom var meir eventyrarar og oppdagarar enn turistar. Det var kunstnarar og forfattarar, som ofte gjekk til fots. Dei laga nasjonalromatiske bilete og skreiv reisedagbøker. Me kan kalle dei influensarar i dåtida.
«Den villeste og mest primitive delen av Norge», står det i ei reiseskildring frå 1850. Ein av dei som kom over Haukelifjell frå Røldal skriv: «Veien til Telemark fører deg over fjellpass dekket av evig snø, bare avbrutt av reinsdyrtråkk, inn i det ville Telemark.»
Det har budd folk i Telemark heilt sidan steinalderen. Telene har i hundreår hatt eit rykte for å vera stridige og blodtørstige. Dei var stolte og lot seg ikkje utan vidare kue av biskopar og kongens menn. Men i ei reiseskildring frå 1856 blir blir telene likevel omtalt som dei mest maleriske i Noreg: «på grunn av sine smykker, klesdrakt, markerte ansiktstrekk, fattigdom og urenslighet.»
Med programmet «Ville og vakre Telemark» kjem tidlegare NRK-journalist Bo Lilledal Andersen til temakvelden i Rauland historielag 15. september på Raulandsakademiet.
Tidsreisa varer ein time og tek deg med rundt i bygdane våre, Rauland og Møsstrond. Reisa blir krydra med frodige beskrivingar av mat, folk og overnattingstilbod.
Etter programmet blir det kaffi, kake og tid til røur.Pris:
Pris og praktisk informasjon
Medlem: 150kr
Ikkje medlem: 200kr
Vil du melde deg inn i Rauland historielag? Meir informasjon finn du her.