Heiskort
I Egners fotefar: Steingardskroken på Haddland med Nina Margrete Heilmann

Somrane 1940 og 1944, var Thorbjørn Egner i Rauland. Han sykla rundt og teikna dei største gardane i bygda og skreiv smått og stort han fekk fortald av folk som budde der. Boka Gamle hus i Rauland kom ut i 1945, og i 2025 stod Rauland Historielag for eit nytt opplag i samråd med etterkomarane til Egner.
På ettermiddagsturane våre i 2026, vil vi gå i nokre av fotspora til Thorbjørn Egner.
4. juni klokka 17.00 besøker vi Steingardskroken på Haddland. Her finn vi mellom anna det gamle våningshuset frå Midtgarden, som Egner fortel at blei dekorert i 1760 av «Tallev Maalar [..] den første i Telemark som gav seg i kast med å dekorere hele vegger og tak, og her på Midtgarden er det nettopp disse arbeidene hans som er bevart den dag i dag» På Steingardskroken finn vi også hus frå mellom anna Loftsgarden og Øyfjell. Nina Margrete Heilmann viser oss rundt. For å komme til Steingardskroken tar du av på Djupedalsvegen ved Nordtun, Haddland. Parkering ved Nordtun eller oppe ved Steingardskroken.