Møte mellom mennesker i tradisjonell setting, samtaler på en teppe i en landsby.

Frå jernalder til 2000-tal – populær og spennande vår i Rauland historielag

Publisert: 06.04.2026 17:04

Våren 2026 har vore både variert og interessant i historielaget. Med tre veldig forskjellige temakveldar og jubileumsfest har det vore noko for nokon og einkvar.

Jern og handel i mellomalderen

Tysdag 17. februar starta arkeolog Kjetil Loftsgarden vårsemesteret med eit spennande foredrag om den nye boka si Utmarksriket – Telemark i perioden 400 -1400. Boka tek føre seg korleis utmarka og ressursane påverka livet i Øvre Telemark i perioden. Kjetil fokuserte særlig på jernutvinning i Rauland-og Møsstrondsområdet, som i vikingtid og tidlig mellomalder var ei stor og viktig handelsvare. Mange hadde tatt turen til Akademiet denne kvelden for å høyre om lokal historie i ei fjern fortid.

Folk samles i et klasserom for å høre på en presentasjon med kartvisning. Engasjert deltakelse.
Mange tok turen for å høyre på Kjetil Loftsgarden i februar.

Frå sti og slep til fylkesveg

Neste temakveld var 17. mars då Birger Kjelingtveit fortalte og synte bilete om spor, og utviklinga av transport i Raulandsommrådet. Frå tiar og dyretråkk til fylkesvegen som etterkvart kom.

Raulandsguten som blei «Noregs dyraste mann».

Torsdag 26. mars inviterte vi til ein ein litt annleis temakveld – då Astrid Versto snakka med Tore Godal og forfattar Aashild Sørheim som har gjeve ut boka Noregs dyraste mann – historia om lækjaren Tore Godal.

Tore Godal er født og oppvaksen på prestegarden i Rauland og drøymde om å bli distriktslækjar på Rauland. Istaden vart internasjonalt folkehelsearbeid livsvegen. Tore er for dei fleste raulenningar kanskje den minst kjente av syskena sine (Ellen, Ingvald og Jon) men kanskje den best internasjonalt kjente. Han har fleire tiårs arbeid bak seg og med å jobbe for å jobbe for folkehelse i verdas fattigaste land og med nokre av verdas mest farlige sjukdommar – Malaria, Ebola, Tuberkolose, Aids og Lepre/spedalskhet. Han har mellom anna vore med å etablere organisasjonen GAVI – the Vaccine Alliance, som sidan 2000 har vaksinert meir enn 1,1, milliardar barn.

Det internasjonalt velkjende medisinske tidskriftet «The Lancet» skreiv om Godal: «….han er en av de mest innflytelsesrike legene gjennom tidene innen global helse.» Og Jens Stoltenberg har uttala: «Tore er den dyreste nordmannen i historien. Med et mulig unntak for Fridtjof Nansen, er han den nordmannen som har bidratt til å berge flest liv.»

Mange raulenningar tok vegen for å høyre på Tore Godal i Vesaassalen, 86- åringen som framleis kjenner seg som ein raulenning sjølv etter mange år utanfor bygda.

Møte mellom personer utenfor et hus i en landsby, med fokus på samtale og kulturutveksling.
Tore Godal og Jens Stoltenberg i Tanzania