Låg kveldssol. Glitrande, klukkande vatn. Naturkunst i harmoni med mose og gamle tre. Gamle tufter til ære. Femti fine folk gjekk stille gjennom Hauganskogen.
Åsta Kostveit heidra skogen med ei sanse – og sogevandring ein tysdag ettermiddag seint i august. Rauland Historielag, som blei stifta av Åsta Kostveit, for snart 40 år sidan, var arrangør for vandringa.
Hauganskogen er eit lite belte med urskog som ligg mellom vatnet og gamlevegen. Urskogen blei spart frå skogsmaskinene i vår. Her møter ein mykje naturkunst sett opp av Olav Barstad Hansen og denne dagen var det Olav sjølv, utkledd som hobbit, som viste veg gjennom skogen. Via tufter etter dei som levde her før, til mosegrodde glenner der dei femti fine fekk delta i dansen. På vegen gjennom skogen lydde munnharpa og fløytene til Per Åsmund Omholt og Birgit Landsverk og lallinga til Hillborg Romtveit.

Volva, i Åsne Kostveit sin ham, siterte Voluspå, akkompagnert av trommene til Olle Hallgren. Åsta sjølv las opp dikt til ære for skogen og stilla, medan ho bant det heile saman. Hauganskogen strekker seg frå garden Haugan til Sporanes. Som innleiing til vandringa, ga nærmaste nabo til Haugan, Odd Kostveit, oss eit innblikk i pelsnæringa på Haugan. I andre enden, ved Sporanes, var det Matja Dagestad og Martinius Stømsvåg, også dei skogsnaboar, som tok over stafettpinnen og avslutta med yogaakrobatikk. Hauganskogen blir kanskje aldri det same igjen, for dei femti som vandra og sansa i ettermiddagssola.


