Kyrkjegardsvandring 2025 – med markering av freds – og utvandrarjubileet

Publisert: 17.08.2025 19:08

Sidan 1996 har Rauland Historielag arrangert kyrkjegardsvandringar i samband med Olsok. Dette er eit av dei mest populære arrangementa våre, og eit eit godt høve for både bygdefolk og andre å høyre meir im tidlegare sambygdingar,

I år møtte om lag 100 møtte i varmen på Olsok. Vi hadde valt ut fire graver som var ekstra aktuelle i år. To av gravene var knytt til motstandsfolk som gjorde ein aktiv innsats under andre verdskrig og dei to andre var raulendingar som utvandra til Amerika, men som kom heim igjen på ulik vis. Som vanlig vart kyrkjegardsvandringa avslutta med olskograut og messe i kyrkja.

To lokale motstandsfolk

Signe Gardsteig snakka om Anne Særen (1895 – 1974), eller tante Anne byen som dei kalla ho. Halvor Fehn fortalde om far sin, Karl Rikard Fehn (1915-1968). Særen og Fehn var begge aktive i motstandsarbeidet, Anne Særen i Oslo og Karl Rikard Fehn i Rauland og på Møsstrond.

Signe Gardsteig ser på koftespenna som Halvor har etter far sin, Karl Fehn.

Amerikafarar frå Rauland

Alf Seltveit fortalde om Ånund Aslaksen Lognvik (1822-1906), som var blant dei fyrste som reiste frå Rauland til Amerika på 1800-talet, deltok i den amerikanske borgarkrigen og reiste tilbake til gamlelandet på sine eldre dagar. Torbjørg Enerstad fortalde om slektningen sin, Torbjørg Rikardsdotter Berge (1845-1914), eller Mrs Aslaksen som ho kalla seg. Ho reiste til Amerika rundt 1870, jobba som lærar og blei der ut livet. Då ho døydde, sende dei aska heim til Rauland slik at ho kunne få ei grav på kyrkjegarden.

Torbjørg Enerstad fortalde om Torbjørg Rikardsdotter Berge.


Du kan lese meir om Torbjørg R Berge og Ånund Aslakson Lognvik i RHs Årskrift 2000 «det er `kje rart dei or landet dreg» og om motstandsarbeidet i årsskriftet 1994-95 Minne frå okkupasjonstida i Rauland.

Vil du ha greie på kven andre det har blitt fortalt om på kyrkjegardsvandringane våre? Du finn dei fleste på denne sida.