Årsmøte i Rauland Historielag var torsdag 24. april. Det var vanlige årsmøtesaker, og informasjon om aktivitetar og årsplan for 2025.

Etter møtet fortalde Herdis Lien om mor si, Bjørg Lien, fødd Hamaren(1933-2019) og las frå notater ho hadde skrive om korleis ei lita jente opplevde ulike hendingar og dagleglivet under krigen. Bjørg vaks opp på Varmevoll, Møsstrond, og i krigsåra hadde foreldra hennar mykje kontakt med sabotørane og motstandsrørsla. Bjørg måtte også trå til, og gjekk mellom anna med beskjedar, sjølv om ho var berre 7 år da krigen starta. I høve dagen hadde Herdis på seg ein anorakk, laga av fallskjermstoff frå eit engelsk flyslepp på Møsstrond.
