tirsdag 20. mai, kl 19:00

Temakveld: Foredrag om Sigrun Berg

Saman med Rauland Husflidslag inviterer vi til årets siste temakveld og foredrag om Sigrun Berg, ein av dei største tekstilkunstarane i etterkrigstida, med eit tett band til Rauland. Føredragshaldar er Liv Klakegg Dahlin, forfattar av  Sigrun Berg – Vev og virke som kom ut i 2024.

Sigrun Berg ( 1901 -1982) var ein leiande skikkelse innan norsk tekstilkunst, og har sett sitt preg på design, mote og norsk tekstilindustri.  «Alle» hadde ei Sigrun Berg sjal eller anna plagg på 1970-talet, også kjente personligdommar som Erik Bye, Thorbjørn Egner og Liv Ullmann,  Sigrun Berg var også ei forretningskvinne og sosial entrepenør og fekk kvinner inn i arbeid, både i vevstova si, Sigrun Berg Vevstue i Oslo, og i resten av landet.

Prduksjonen og arbeidet var variert. I tillegg til eigen produksjon var ho konsulent og designer for fleire tekstilprodusentar, kanskje best kjent Røsos Tweed. Ho hadde også fleire store utsmykkingsoppdrag – som Håkonshallen i Bergen, Bodø domkyrkje og Kongeskipet. Det er også Sigrun Berg som har designa sceneteppet i Vinjesalen på Raulandsakademiet.

Sigrun Berg og Rauland

Sigrun Berg var ein kjenning av Thora Vaa, og kom til Rauland i 1937 -38. Ho budde på Rauland i fleire år, fekk kjennskap til både folk og kultur. På 1960-talet gav ho vevarbeid av både sjal og tepper for sal i vevstoga i Oslo.

Liv Klakegg Dahlin

Liv Klakegg Dahlin førstelektor og instituttleiar ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet der ho underviser i design, kunst og motehistorie. Dahlin er utdanna kunsthistorikar, med internasjonal tekstilkunst som spesialfelt. Etter å ha arbeidd med Sigrun Berg si historie og produksjon i fleire år gav ho i 2024 ut boka Sigrun Berg – Vev og virke.

Liv Klakegg Dahlin er førstelektor og instituttleiar for Institutt for estetiske fag ved OsloMet.

Praktisk informasjon

Billettprisar

150 kroner (medlemmar av Rauland Historielag og Rauland Husflidslag)
200 kroner (andre)

Inkludert i prisen er servering og røur etter foredraget.

 

 

Datotirsdag 20. mai
Tidspunktkl 19:00 - 21:00