Rauland historielag var representert ved styret og fleire andre medlemmar på Syrbekk den 11. mars i samband med at det var 80 år sidan professor, og major Leif Tronstad og sersjant Gunnar Syverstad vart skotne i 1945.
Det var ei flott markering som minner oss om at nokre har kjempa og gjeve livet for at me skal få behalde sjølvstyret og demokratiet. Viktig i tider som dette.
Seinare tiders hendingar og funn viser også at me enno ikkje er ferdige med å fullt ut forstå og tolke hendingane frå den gong.