Lover for Rauland historielag
- Rauland Historielag er eit lokalhistorisk lag. Medlemskapet er ope for all.
- Føremålet med laget er:
- Å arbeide for at alt av historisk interesse i bygdi vert teke vare på og verna om.
- Å vekkje, auke og spreie interessa for og kunnskap om historia i Rauland.
- Arbeidsoppgåvene til laget kan vere;
- Organisere og leie lokalhistorisk arbeid, møte, kurs, ekskursjonar, registreringar, innsamling av munnleg tradisjon og anna av historisk interesse.
- Arbeide for at det vert gjeve ut historiske skrifter med lokalhistorisk innhald.
- Arbeide for vern av kulturminne av alle salg i bygdi
- Samarbeide med skulen og andre lag, t.d. Telemark Historielag og historielag i andre kommunar.
- Årsmøte er den høgste styremakt for laget. Det bør haldast innan utgangen av mars månad. Møte må kunngjerast minst ei veke i førevegen i lokalpressa.
Møtet skal handsame desse saker: årsmelding, rekneskap, årspengar, val av formann og styremedelemmer, revisor og andre tillitsmenn. Saker som skal fram på årsmøtet, må ha kome inn til styret skriftleg minst ei veke før møtet - Laget skal ha eit styre på fem (5) medlemmer: formann, nestformann, sekretær, kasserar og eit (1) styremedlem, og tre (3) varamenn. Styremedlemmene blir valde for to (2) år om gongen, slik at to (2) er på val eit år og tre (3) det neste året. Varamenn har også ei funksjonstid på to (2) år. Dei er på val vekselvis ein (1) og to (2) personar. Valnemnd på tre (3) personar har ei funksjonstid på to (2) år, og er på val vekselvis ein (1) og to (2) personar. Revisorar, to (2) personar funksjonstid to (2) år, ein «1) er på val kvart årStyret er vedtaksført når minst tre (3) medlemmer er til stades og det er innkalla på vanleg måte
- Oppløysing av laget kan ein berre avgjera på eit årsmøtet etter samrøystes vedtak. Det laget eig kan overførast til andre lag i bygda. Arkivet til laget skal gå inn i lokalarkivet.
- Framlegg til brigde av lovene må ha kome til styret minst tre (3) veker før årsmøtet. Lovbrigde kan ein berre gjere på vanleg årsmøte, og det krev to tredjedel (2/3) fleirtal av dei frammøtte medlemmene.
- Styret er pliktig til å føre møtebok.
Desse lovene er vedteke på årsmøtet den 27.03.87.