Stadnamn i Vinje kommune

 

Stadnamn er viktig lokalhistorisk kunnskap som kan fortelje oss mykje om fortida. Dette er ein immateriell kunnksap som i mange tilfelle er i ferd med å forsvinne sidan mange stadnamn ikkje lengre er i bruk. Frå 2020 - 2024 er det registrert over 9700 stadnamn i Vinje kommune, og Rauland Historielag har vore ein viktig del av arbeidet.

Frå 2020 til 2024 har Rauland historielag, med fleire, vore med på eit større projekt med mål om å samle inn stadnamn i Vinje kommune. Til saman er det registrert over 9000 namn som du no kan finne i Språkrådet sin stadnamndatabase. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Vest Telemark Museum, historielaga i kommunen, bygdeboklaget i Øyfjell og bygdelaget på Møsstrond.

Mange namn er samla inn i tidlegare innsamlingar. Særlig må innsamlingane til Aslak Svalastog og Anders Mæland  på 1970- talet trekkast fram. Desse har til no vore tilgjengelig på Vinje lokalhistoriske arkiv. Hovudarbeidet i prosjektet har difor vore å eventuelt supplere med namn og kartfeste namna på digitale kart. På kvar registrering finn du namn, skrivemåte, uttale, kva det er, informant og kven som har registrert namnet, i tillegg til eventuell anna informasjon.

Frå Rauland, Øyfjell og Møsstrond er det per i dag registrert ca 5600 namn. Birger Kjelingtveit har vore ein primus motor i arbeidet og har sjølv registrert over 3300 stadnamn.

Stadnamnprosjektet var støtta av Språkrådet og Vinje Kommune.

Finn stadnamn

Stadnamndatabasen finn du på denne sida. Det er ein stor database. For å gjere søk og arbeid lettare har Vest Telemark Museum laga ein brukarmanual som du kan bruke for å gjere søket lettare.

Les meir om stadnamnprosjektet

Du kan lese meir om stadnamnprosjektet i Vest Telemark Blad:

14.07.20202 Frå Dritholet til Grisengåsen

20.04.2022 Kunnskap er i ferd med å bli borte. Nå blir dei gamle stadnamna registrerte

12.05.2024 Birger har plassert 3311 stadnamn på Språkråd-kartet