Velkommen til Kråkeroe-staulen

Publisert: 07.06.2021 21:06

Opplev seterlivet på Kråkeroe-staulen med mjølking, smør- og ostelaging (ysting og kinning).

Lina og Sondre Aasan driv mjølkeproduksjon på garden Sundbø i Flatdal og seterdrift på Kråkeroe om sumaren. Både på garden og staulen foredlar dei mjølk til ost og smør. Dei satsar på den lokale kurasen Telemarksfe og har ein lågintensiv produksjon med mykje grovfôr og utmarksbeite, men lite kraftfôr til dei 15 mjølkekyrne. På garden var det eit eige meieri for 100 år sidan, i 2019 bygde paret eit nytt meieri på garden som får same namnet som det gamle: Flatdal Meieri.

Stølsdrifta er sentral i driftsopplegget og er høgdepunktet i årssyklusen for folk og fe. I tre månadar flyttar tre generasjonar og alle husdyr sju mil og 800 høgdemeter opp til staulen Kråkeroe i utkanten av Hardangervidda. Her går kyrne fritt på eit 1500 mål stort område med saftig fjellgras som gjev ei mjølk med unike kvalitetar. På staulen er det også ein kafè der gjester kan få servering av staulskost og eit innblikk i seterlivet. På Kråkeroe har det vore staulsdrift, landbruk og anna utmarksnæring i omlag 2000 år. Lina og Sondre fører gamle tradisjonar vidare og har spesialisera seg på knåost, ein ost med lange tradisjonar i Vest-Telemark.

Besøk Kråkeroe-staulen