Gygra sine sykkeltips ut frå Raulandsfjell

På sykkel med kidza 🙂

Ta ein liten runde i nærmiljøet. På nedsiden av vegen kan du sykle ned til kyrkja og finne litt stiar ut mot vatnet. Her kan det vere fint å sykle og vandre litt rundt. Er ungane litt større så er det og veldig fint å sykle oppe ved Bitdalen eller Falkeriset. Her er det ein god del stigning så kan vere lurt å ta bilen eller få skyss eit stykke opp og så for eksempel sykle tilbake til Raulandsjell.

(El?)sykkelturen Falkeriset

Har du ikkje testa elsykkel før så kjem du til å le heile vegen opp stigninga i starten av Krontveitvegen. Framme ved parkering til den steinsatte stien opp til Falkeriset må du sette igjen sykkelen (husk å låse den godt)! Har du då krefter til ein gåtur opp Falkeriset blir du belønna med ein makalaus utsikt i frisk fjelluft. Alternativt er det også fint å sykle inn til Bitdalsdammen der du skuar innover Bitdalsvatnet. No er du verkeleg på kanten av Hard- angervidda.

11 km til parkering Falkeriset. Ca 240 høgdemeter.

Tour de Arabygdi

Ein nydeleg tur på lite traffikert veg for den som vil tråkke litt lengre. EIn klassisk langtur på landevegssykelen er langs Totak inn til Arabygdi over til Haukeligrend og ned til Åmot og opp igjen til Rauland (denne krev sykling på E134 eit stykke). Alternativet er å sykle inn til Arabygdi og tilbake. Å sykle langs småkupert asfalt langs Totak gje deg spektakulære omgivelsar undervegs. 95 km rundtur. Alternativt sykle innover langs Totak og tilbake etter eget ønske. Syklar du runden så hugs å stoppe på Mjonøy for verdens beste bakverk og ein kaffe.

Gygra kan også ta guida turar på terrengsykkel eller sti! Dette må avtalast, ta kontakt med resepsjonen eller sjekk gygra.no