lørdag 21. juni, kl 17:00
Dyre Vaa samlingane

Boklansering og utstillingsopning: Gamle hus i Rauland

Saman med Dyre Vaa samlingane/ Vest Telemark Museum inviterer Rauland Historielag til utstillingsopning og nylansering av Torbjørn Egners Gamle hus i Rauland. 

Utstilllinga er todelt, med materiale utlånt frå Egner familen. Ein delen er origalteikningar med motiv frå Rauland som ikkje er ein del av boka. Det er også to store tablå med som femner motiva frå bokutgjevinga.

Prosjektet er eit fellesprosjekt mellom Rauland Historielag og Nærstyret Dyre Vaa samlingane

Gamle hus i Rauland  vart gjeve ut i 1945 og i 1970. Egnerfamilien har no gjeve rettane til boka til Rauland Historielag som gjev i år gjev ut eit tredje opplag av boka, eit nytrykk av utgjevinga frå 1970.

Med sykkel, tusjpenn og teiknesblokkar

Den folkekjære forfattaren og teiknaren var opptatt av bygdekunst. Etter å ha sykla til og rundt i Vågå med tusjpenn og teikneblokkar gav han i  ut  1943 Gamle Hus i Vågå. I 1945 kom Gamle hus i Rauland etter familieferie på Rauland. Medan familien tilbragte fine dagar på Rauland Fjellstoge tok igjen Egner sykkelen fatt og tok med seg tusjpennar og teineblokkar  omkring i store delar av Rauland og nabobygdene Han oppsummerer sommaren i  sjøvbiografien Et selvportrett:

«Jeg oppsøkte de gamle fine gardsanleggene i grenda Vå, hvor Dyre Vå bodde i sin tid, og ifølge sagnet rodde trollet over Totak på sjølveste julekvelden. Jeg var videre innover til Arabygdi, hvor Myllarguten bodde det meste av sitt liv, jeg tegnet de gamle husene på Kosi og Øygarden, og overnattet i høyet på garden til Myllarguten.

Jeg var også så heldig å få være med Sven Postmann på en av hans ukentlige to-dagers posttur med robåt innover til de ensomme gardene på nordsiden av Møsvatn, og møtte en enestående gjestfrihet. Som jeg skriver i boken: «Kommer det fremmede til gards på Møsstrand, blir det dekket opp med det beste, med rømme, ost, flatbrød og smør og melk. På den innerste av gardene, hvor jeg overnattet og fikk alt godt å spise, ville jeg gjerne betale litt for meg. «Nei. nei,» sa kona på garden, « me hev ikkje pensjonat».
»

Program

På opninga blir det helsing frå familen Egner, ved Bjørn Egner, son av Thorbjørn Egner og spel av Stein Versto. Meir informasjon om programmet kjem.

Utstiilingsopninga er gratis.

 

 

 

Datolørdag 21. juni
Tidspunktkl 17:00 - 18:30
StedDyre Vaa samlingane
AdresseMidtre Såtehov 3, 3864 Rauland