Teikningane i denne boka laga Thorbjørn Egner i Rauland somrane 1940 og 1944. Tekstane har han skrive på grunnlag av det han såg og høyrde under vitjingane her, i tillegg til at han nytta ulike kjelder som bygdebøkene. Boka kom ut fyrste gongen i 1945. Rauland Historielag.
Bøker
Gamle vegar i Rauland
Omtale av mange gamle vegar som Rauland Historielag rydda og merka 3 somrar fyrst på 90-talet. Her finst historie om vegen og kva som kan ha hendt langs han, samstundes med at ein kan fylgje vegen på kart og ved hjelp av bilete. Vegane som er omtala er: Kvambekkheii Brureberget Kleivdalen Brandåsvegen Vegen langs Lognvikstrondi Brandland Frå Sandviki til Austbø …
Hardingslepa – Åmyrmarken
Denne skriftsamlinga er gjeve ut i høve oppatt-taking av den gamle tradisjonen «Hardingslepa». Initiativet til dette møtet mellom hardingar og raulendingar, over Hardangerv idda, etter eit opphald på bortimot 100 år, vart tatt av tiltaksame folk frå Hardanger. Ideen vart vel motteken i Rauland, og 1. august 1992 vart møtet sett på Hardingplassen i Åmyri. Mykje er skrive om denne …