Nokre blad or soga om kvalfangarane i Rauland og Vinje. Ein skulle vel ikkje tru at kvalfangst var noko typisk i ei fjellbygd. Typisk eller ikkje,- det er i alle høve eit faktum at kring 120 raulendingar og vinbyggjer reiste til Antarktis for å prøve lukka som kvalfangarar. Dei fyrste reiste i slutten av 1920-åra,- frå stor arbeidsløyse og små …
Bøker
Årsskrift 2002
Olav Fastøyl var fødd på husmannsplassen Flatastaul i Rauland, og budde heile sitt liv der. Dei siste 40 åra åleine. Den som bur nær naturen og i einsemd, lærer seg å sjå og høyre, og å tenkje over livet. Olav Flatastøyl hadde evna til å formidle dette til andre. Heile livet skreiv han dikt, mot urett og undertrykking, og om …
Årsskrift 2003
Bureising i Noreg Lokal bureising Kart over bureising Folk og fe under same tak Bureisaren på Bròttestòhaugen Bureising gav meiningsfylt arbeid Ny gard som bygde på tradisjonar Åsheim Haug Garden Seltveit Rorgemoen Fast busetnad i utmarki: Krubba Skakkestaul Husaas Bytnegjuv Heibø Tjønnestaul Gjuvland-Lidstaul Årsmelding Boka er skriven av Herman Henriksveen, Ragnar Halvorsen, Kolbjørn Nymoen, Øystein Kostveit og Åsta Ø. Kostveit
Årsskrift 2005
I Rauland, som i andre bygder, er det spor og minne etter gamle plassar i grender og utmark. År for år gror dei att, skogen tar attende dyrka jord og dekker tuft og steinrøys. Til slutt gror gløymsla over. Men her har det budd folk, småkårsfolk som all si tid streid med å livberge seg og ein stor familie. Dei …
Årsskrift 2006
I 2006 var det 50 år sidan utbygginga av vassdraga i Øvre Telemark starta. Rauland Historielag ville også vera med på markeringa og valde fjelldalen Bitdal og vassdragsutbygginga der som tema for årsskriftet for 2006. Det var strid omkring neddemming av denne fine beitedalen. Det blei utbygging, men utbyggaren har gjort sitt beste for å legge til rette, med veg …
Årsskrift 2007
Med årsskrift 2007 ynskte Rauland Historielag å dele små og store inntrykk med lesarane gjennom ulike artiklar som er laga utifrå kjeldemateriale som historielaget sit på, eller med bakgrunn i kjelder i Lokalhistorisk arkiv ved Raulandsakademiet. Ein del av artiklane har lege og venta å bruk, men fleire er nyproduserte. Det meste dreiar seg om dei nære ting, med opplevingar …
Årsskrift 2008
Staulsdrift stod sentralt i gardsdrifta heilt til oppi 1900-talet. I dag lever det ikkje så mange att i Rauland som har opplevd livet og arbeidet på staulen. Nye generasjonar kjenner ikkje til denne sida av garsdrifta, og for mange unge vil sumt arte seg som eit eventyr. Historielaget synest staulssoga er ein viktig del av arbeidslivet og kulturhistoria for bygda. …
Årsskrift 2009
”Songa syng på viddi vide”. Det er poesi i denne linja, som stod i ei gamal lesebok. Namnet vekkjer gode minne for så mang ein. Songa er eit vassdrag med mykje sogesus, frå den forhistoriske tid og framover hundreåra, med rikdom i jakt og fiske. Ein eigen dåm ligg over fjellgarden Berunuten. Songa blei ein sentral plass for motstandsrørsla under …
Årsskrift 2010
Når no Rauland Historielag gjev ut bok om handverkarar, er det etter grundig diskusjon og vurdering. Me såg at tida var inne til å samle og skrive ned opplysningar om handverkarar, ettersom det framleis var mange som hadde personleg kjennskap til mykje. Handverket har hatt ei sterk stilling i bygdene her, men tida er i rask endring, og vår nære …
Årsskrift 2011
Årsskrift 2011 er ei bok som inneheld oppattrykk av fleire eldre skrifter i tillegg til eit nyskrive som omhandlar historia til jordmortenesta i Rauland. Her er eit stykke via Helga (Hæge) Tveiti som var jordmor i omlag 60 år i Rauland. Av dei eldre skriftene er mange om historiske personar på Møsstrond og i Rauland, om jakt på Hardangervidda i …