Årsskrift 2016

Årsskrift 2016 frå Rauland Historielag er no i handelen. Skriftet inneheld fleire tema. Det er falkefangsten i Rauland, starten av arbeidarrørsla, ungdoms- og Raulandshus, faksimile av sokneprest Per Sørensen og barndomsminne frå Skålestrondi. Boka er å få kjøpt på Rauland Varesenter AS og Rauland Servicesenter AS i Rauland, Vinjebui i Åmot og bokhandlane i Kviteseid, Seljord og Bø. Ein kan også bestille …

Årsskrift 2018: Hytteliv, helsestell, turisme o.a.

Sundag 25. november kl. 1400 var det «bokslepp» i Årestoga på Raulandsakademiet av årsskriftet for Rauland historielag 2018. Årsskriftet er sett saman av ulike artiklar som femner breitt. Det er ingen planlagd «raud tråd».  Du kan lesa om tidleg hytteturisme i Rauland, stell av gamle og sjuke i bygda, bygdehovdingen Aslak K. Svalastoga, stoda på Møsstrond frå midten av 1800-talet og frametter, menneskeskapte …

BOK-SLEPP 2020

Rauland Historielag og Viser og Dikt ynskte  velkommen til ettermiddagstreff  i festsalen torsdag 3. des. med lansering av boka HAND I HAND.  Dette var historielaget si bokutgjeving for 2020.  Boka byd på eit utval av dikt som Hilda Tjønn har skrive gjennom mange år,  og er illustrert med foto av Einar Tjønn sine landskapsmåleri og Hilda sine trerelieff.  Historien om Hilda og …

Sveinung Svalastoga

SVEINUNG SVALASTOGA.  Målaren, treskjeraren og diktaren. Forfattar Henrik Henriksveen. Utgjevar Rauland Historielag år 2000. 95 sider, fint illustrert.   ISBN –82-995579-0-9   Ein biografi over kunstnaren Sveinung Svalastoga (1881 – 1938). Oppvaksen på Svalastoga, Nesland, iRauland, Utdanna ved Harald Bruns målarskule og Den kongelege teikneskule,  Oslo, 1904 -05, og N.N. Dorphs målarskule, København, 1909-10 Han busette seg i Rauland med familie, og …

Sporanes. Helleristningar i Rauland

Rauland Historielag har i mage år hatt omsut for helleristningane på Sporanes. Logoen til historielaget er ein av figuraene på helleristningsfeltet. Mange brev er blitt sendt og mange telefonar tatt, i von om at noko skulle bli gjort for betre å ta vare på dei eineståande figurane frå eit felt som skal vere ganske unikt. I boka vil ein finne bilete …

Harald Kihle som fotograf

Rauland Historielag fekk for mange år sidan ei mengd svart-kvite fotografi som Harald Kihle tok under sine opphald i Vå og Arabygdi frå 1938 og framover. Desse bileta meinte Rauland Historielag at fleire skulle få del i. Derfor vart denne boka til. Redaktør: Øystein Kostveit. Forlag: Landbruksforlaget, 1997. Innhald: Arabygdi fyre vegen kom v/ universitetslektor Sverre Øygarden Harald Kihle i …

Torbjørn Egner: Gamle hus i Rauland

Teikningane i denne boka laga Thorbjørn Egner i Rauland somrane 1940 og 1944. Tekstane har han skrive på grunnlag av det han såg og høyrde under vitjingane her, i tillegg til at han nytta ulike kjelder som bygdebøkene. Boka kom ut fyrste gongen i 1945. Rauland Historielag.

Gamle vegar i Rauland

Omtale av mange gamle vegar som Rauland Historielag rydda og merka 3 somrar fyrst på 90-talet. Her finst historie om vegen og kva som kan ha hendt langs han, samstundes med at ein kan fylgje vegen på kart og ved hjelp av bilete. Vegane som er omtala er: Kvambekkheii Brureberget Kleivdalen Brandåsvegen Vegen langs Lognvikstrondi Brandland Frå Sandviki til Austbø …

Hardingslepa – Åmyrmarken

Denne skriftsamlinga er gjeve ut i høve oppatt-taking av den gamle tradisjonen «Hardingslepa». Initiativet til dette møtet mellom hardingar og raulendingar, over Hardangerv idda, etter eit opphald på bortimot 100 år, vart tatt av tiltaksame folk frå Hardanger. Ideen vart vel motteken i Rauland, og 1. august 1992 vart møtet sett på Hardingplassen i Åmyri. Mykje er skrive om denne …