I Rauland, som i andre bygder, er det spor og minne etter gamle plassar i grender og utmark. År for år gror dei att, skogen tar attende dyrka jord og dekker tuft og steinrøys. Til slutt gror gløymsla over. Men her har det budd folk, småkårsfolk som all si tid streid med å livberge seg og ein stor familie. Dei …
Årsskrift 2006
I 2006 var det 50 år sidan utbygginga av vassdraga i Øvre Telemark starta. Rauland Historielag ville også vera med på markeringa og valde fjelldalen Bitdal og vassdragsutbygginga der som tema for årsskriftet for 2006. Det var strid omkring neddemming av denne fine beitedalen. Det blei utbygging, men utbyggaren har gjort sitt beste for å legge til rette, med veg …
Årsskrift 2007
Med årsskrift 2007 ynskte Rauland Historielag å dele små og store inntrykk med lesarane gjennom ulike artiklar som er laga utifrå kjeldemateriale som historielaget sit på, eller med bakgrunn i kjelder i Lokalhistorisk arkiv ved Raulandsakademiet. Ein del av artiklane har lege og venta å bruk, men fleire er nyproduserte. Det meste dreiar seg om dei nære ting, med opplevingar …
Årsskrift 2008
Staulsdrift stod sentralt i gardsdrifta heilt til oppi 1900-talet. I dag lever det ikkje så mange att i Rauland som har opplevd livet og arbeidet på staulen. Nye generasjonar kjenner ikkje til denne sida av garsdrifta, og for mange unge vil sumt arte seg som eit eventyr. Historielaget synest staulssoga er ein viktig del av arbeidslivet og kulturhistoria for bygda. …
Årsskrift 2009
”Songa syng på viddi vide”. Det er poesi i denne linja, som stod i ei gamal lesebok. Namnet vekkjer gode minne for så mang ein. Songa er eit vassdrag med mykje sogesus, frå den forhistoriske tid og framover hundreåra, med rikdom i jakt og fiske. Ein eigen dåm ligg over fjellgarden Berunuten. Songa blei ein sentral plass for motstandsrørsla under …
Årsskrift 2010
Når no Rauland Historielag gjev ut bok om handverkarar, er det etter grundig diskusjon og vurdering. Me såg at tida var inne til å samle og skrive ned opplysningar om handverkarar, ettersom det framleis var mange som hadde personleg kjennskap til mykje. Handverket har hatt ei sterk stilling i bygdene her, men tida er i rask endring, og vår nære …
Årsskrift 2011
Årsskrift 2011 er ei bok som inneheld oppattrykk av fleire eldre skrifter i tillegg til eit nyskrive som omhandlar historia til jordmortenesta i Rauland. Her er eit stykke via Helga (Hæge) Tveiti som var jordmor i omlag 60 år i Rauland. Av dei eldre skriftene er mange om historiske personar på Møsstrond og i Rauland, om jakt på Hardangervidda i …
Årsskrift 2013
Rauland Historielag byrja å arbeide med denne boka i 2012. Før ein kunne byrje å skrive, måtte redaksjonskomitéen samle inn stoff. Her var det å vitje ulike arkiv, som Interkommunalt arkiv på Kongsberg, Statens Vegvesen, Skien, Fylkesbiblioteket i Telemark, Lokalhistorisk- og andre arkiv i Vinje kommune, arkivet til Statskraft og Statsarkivet. Mange timar blei brukte her til å avfotografere eller …
Årsskrift 2014
Historielaget vil med bilete syne denne endringa over tid. Så langt det har vore mogeleg, har medlemmer av laget funne fram til stader der eit eldre bilete er teke, for så å take eit nytt i dag og samanlikne. Det har ofte synt seg vanskeleg. Der fototgrafen stod for fleire ti-år sidan, er det i dag umogeleg å taka eit …
Årsskrift 2015
I 1998 kom ei gladmelding til styrar for Rauland Kunstmuseum. Tor Vaa baud alle sine arbeid til Vinje kommune, om lag 150 kurnstverk, skulpturar, teikningar og akvarellar. I 1990 kunne bygdi taka imot denne verdfulle tilveksten av kunst i Dyre Vaa-samlingane. Boka er i redigert av Øystein Kostveit. Thorstein Rittun, Christian Svendsen, Astrid Kostveit, Ellen Nørgaard (fødd Vaa) Anne Jorunn …